
Endeleg kom dagen som storebror har venta så frykteleg lenge på! Og vi tjuvstarta tilogmed! Dagen før inviterte vi til utebursdag på museet! Litt kaldt, men alle kledde seg godt, og store og små hadde det kjempekjekt!
Gjorde ingenting at det snødde og glasuren på kaka fraus når der var ein så fin bakke å boltre seg i - mammaer kan også ake (les;konkurrere!)





Og på den ordentlege dagen vart det enda fleire gåver (visste ikkje det fanst så mange flotte Lynet-effektar), og voksenbursdag! Heilt i hundre blir ein da!


















