Idag har eg vore flittig student og slete meg gjennom ein artikkel på engelsk.. Nei, ikkje heile, men eg har starta så den ser ikkje så farleg ut lenger ;)
Og på eftan måtte vi på hagesenteret, vi har fått besøk av oldenborrer.. Så alle forslag til utrydding mottas med takk!!! Gutta synes det er kjekt og plukke, men dei er såååååå ekle!! Kanskje vi skal ta eit bilete...
Mens gutta såg barnetv var eg husmoremne!! Bakte muffins, for det var strikking (les energipåfyll) i kveld - kjempekoslig!! Og så slo eg til og prikla tomatplantene eg fekk av favorittfamiliemammaen - dei er så staute i potta si att - og tilslutt feia eg over golvet - med ein sviffer riktignok - men lell a:)
Og no etter nokre timar med skravling og strikking er eg klar for senga. Dvs siste kap av Darlah 172 timer på månen - frykteleg spanande bok!
I morga skal eg ha MOT med ein gjeng herlege 8klassingar - i tre timer - det blir kjekt!!
GOD HELG!!!
03.05.2012
Årets første grillings og sveler!
Årets første grillkalas var 1. mai, og det er ikkje verst! Vi satt tilogmed med lite kle på i sola! Deilig elg med gratinerte poteter og broccoligrateng var godt for både liten og stor!!

Og svelene - dei gjekk ned på høgkant - med svelegrepet!
| Litt hopping frå verandaen må til - er så mykje energi som skal ut, har berre gått nokre km... Nesten ei mil... |
Og svelene - dei gjekk ned på høgkant - med svelegrepet!
Fantastiske flotte Stavåsen vår:)
Første mai var fantastisk iår!! Vi gjekk til Stavåsdammen, gutta for aller første gong - og dei var kjempeflinke. Det var så mykje kjekt å sjå på og snakke om i skogen - og på toppen venta eit vatn dei kunne kaste stein i! Blir ikkje "liten" i beina då - sitat lilleE :)
Det blir ikkje siste turen hit, rykta sei at det er eit flott badevatn og!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)