31.01.2012

Date med symaskina:-)

Idag har eg hatt litt studiefri fordi eg studerte på laurdag:-D og då har eg verkeleg kost meg! Fann fram symaskina rett etter at Beppe for ca halv ni, rota fram eit stoff gutta fekk av nokre gode naboar som hadde vokse ifrå lynet mcqueen. Det har vi ikkje her i huset! Iogmed at lillebror har så lite rom må det gå bort minst muleg golvplass. Så vi har tenkt at han kan sove i sprinkelsenga si litt til. Eg satte den på babyinnstilling, slik at den eine veggen vart lavare så no kjem han seg fint oppi, og sikkert også ut, sjølv. Godt at det er mogleg å heve han att;-) han fekk panelgardin slik at den ikkje kjem i veien for skrivebord og nattbord, men det var kjedeleg å sy... Gjorde og litt om på sengekanten, la den dobbelt så den er i ryggen og over hodet berre, og rydde to puter. Eg har mykje stoff igjen, og godt er det for storebror syntes og det vart veldig fint, då eg får vel ned og sy no når guta har sovna:-D lille E snorkar!
Men til storebror stede eg nye kosebukser, dei falt i smak sjølom pynten var lilla!! Hadde to ullstillongsar med hol på, har mange av dei.. Klippet dei av og rydde opp til boxer, perfekt! Og strømpen nede bruka eg til buksa, skal få sjå den med prinsen inni i morga. Han søv og no!
Eg rakk ein skitur og, men eg rakk ikkje å få middagen ferdig til dei kom heim.. Slik kan det gå når mor har fri, godt det berre var ein roleg tirsdag!

Skikarusell!

Vekas skikarusell var ekstra kjekk, for Beppe var på overnatting og fekk være med! Gutta gjekk som berre det, store M gjekk tilogmed fra mammaen sin, men eg hadde ikkje ski altså;-) all ære til arrangøren, det her er artig!


29.01.2012

Skisøndag:-D

Idag måtte pappa på jobb, flugebinderdag, og vi som var igjen heime måtte utnytte dagen. Mor fekk sove heilt til halv ni, og vakna av seg sjøl tilogmed, det er luksus!
Etter frokost måtte vi forberede til tur. Vi laga pinnebrød, 4 dl mjøl, 2 ts bakepulver, 1/2 ts salt, 1 1/2 dl melk, 4 ss smelta smør, innmari lettvint! Vi delte den i to og putta ost og skinke i den eine og sjokoladebiter i den andre. Og når vi i tillegg dyppa den i sukker og kanel før vi stekte dei på bålet gjekk det ned på høgkant! Den energien trengte gutta for vi var ute i over fire tima, mest på ski, men også på akematta. Det var kjempekjekt!!!
No har husbond kome heim, middagen er i magen og alle fire sitter klare for kaptein sabeltann, god søndag!




I farta!

Lille E roper før han kjører, unna vei her kommer jeg, heile bakken trenger jeg!


28.01.2012

Familielaurdag:-D

Idag fekk vi endeleg rota oss til Hamar på bading! Og det er noko heile familien set pris på!
Vi stoppa på sport1 for å kjøpe stavar til storebror, og jammen vart det nye drikkeflasker på både smågutta og meg, håpar vi drikk endå meir vatn framover;-) og etter ein liten, litt lang ifølge store M, stopp på varmefag, der vi fekk litt hjelp med kakkelovnen endte vi tilslutt på ankern. Bada leeeenge, unga svøm som fiska både over og under vatn, og sklir og hoppar, hadde vi ein tur i badstu før isen i kafeen! Lurt med matboks i sekken då er ein klar for dessert med ein gong;-)
Etterpå bar det rett heim til pizza, laurdagsgodt og barnas supershow, o lykke!
No ladar unga og eg snart, oss, for i morga skal vi på ski i stavåsen mens pappa er på jobb, heldige vi!



26.01.2012

Ahhh...

Det kjennes heilt greit at det ligg eit blad i postkassa etter ein slik dag.. Har foreldrekonf frå halv åtte på morgonen til kvart over åtte på kvelden! Det er ein lang dag og då kjennes det ekstra godt etterpå! Ein klapp på skuldra til meg sjølv;-)
Forresten hadde eg ein spontan kafelunsj med favorittfamiliemammaen, det var ein god time! Og no, etter ein nuss på kinnet til sovande gutar er eg og snart klar for senga, med det nye bladet! Lykke:-D


24.01.2012

God morgen:-D

Deilig rolig tirsdag, med lys på bordet, strikketøy og god morgen norge! Kvardagslykke!
Igår var alle fire på skikarusell, og lille E leita fortsatt etter karosellen;-) men dei gjekk kjempebra, og kjørte i bakken etterpå berre så det suste!
No ska ej ut på ski, litt støle etter ein runde zumba igår, men løypene kan ikkje ligge der aleine! Etterpå er det møte på jobb før deilig middag på generalgården, det lika vi!


22.01.2012

Fin fin søndag:-D

Idag har det vært godt ver og mykje nysnø! Så då måtte gutta ut i hagen og gå opp nye løyper, og det vart 5 runda rundt huset- flinke!!! 
Og samtidig fekk mor sei ein skitur med ei venninne, det var trivelig! Vi tek det oppatt på onsdag!
Etterpå var storebror i bursdag, heile avdelinga var invitert, mange glade born! Mor og lillebror var på kakebesøk på hi sida av elva, og far gikk to mil på ski. Når dagen blir toppa med sabeltann og kvar sin litt engstelige gut på fanget, og no strikketøyet og ingen grenser. Ja dager helga komplett:-D håper det viser at veka blir bra!


21.01.2012

Laurdagskveld!

Nyklippa gutar klare for laurdag med barnetv, taco og laurdagsgodt! Deilige laurdag:-D


NerderB-)

Lørdagsfrokost med spillopper:-D idag ska vi prøve å få klipt hår.. Spanande, følg med! God lørdag!



20.01.2012

Fin fredag:-D

Her er det ein roleg fredag med pizza til middag, og den åt vi i sofaen mens vi såg kaptein sabeltann;-) og med kvar si julebrus var lykka komplett! No er gutta slitne, leikar kvalpar, men dei søv mest! Snart klare for senga, og mamma og pappa er klare for sofa og handball snart.
Ha ei flott helg, her er den fullbooka, akkurat slik det skal være!


19.01.2012

Eit nødvendig gjeremål

Avogtil er det ting ein berre må... Den boka her har eg stått på venteliste til leeeenge! Idag kom den endeleg inn på biblioteket og eg har sett fram til den her stunden idag! Gutta døv, husbond forberedar kurs, tvn er stille, og eg har kakao med krem i koppen! Alt anna får segle sin eigen sjø, eg blir her saman med boka på 624 sider!!


18.01.2012

Vi tapte..

Jaja så vart det tap for Norge, men verda gjeng vidare, og det kjem heldigvis fleire kampar! Idag har det vore ein travel men givande dag på jobb, med MOT. Det er alltid morro, herlig gjeng! Og då var det jammen godt (ikkje noko jammen no, eller mamma? er lille E sitt favorittspørsmål om dagen;)) å komme heim til nyvaska hus! Husbond og lille E har vore heime idag pga feber, men han er betre idag og imorgo skulle han i barnehagen for å gå på ski! Han diggar det og begynn å bli skikkeleg god!! Så no om dagen er vi reine skifamilien :) Skulle berre mangle med dei løypene vi har rett utafor stovedøra!! Gledar meg til skitur i morgo!

Men no - litt meir strikking! Jakka til nye A er snart ferdig - då kjem den i posten til Oslo! Var litt vanskeleg å ta bilde, men mønsteret er vanedannande!
God natt! L

17.01.2012

Kvardagsmiddag???

Når ein har studiedag er det enkelte ting ein faktisk kan finne tid  til: sette på vaskemaskin og tørketrommel, rydde kjøkkenet etter frokostkaos, lese pensum og svare på jobbmailer, gå ein tur på ski - og sette inn elgsteik kl 10 så den er perfekt kl 16.00!! Det gjorde eg idag, og imellom har eg og strikka og vore på eit lesenettverksmøte. Så då vart det søndagsmiddag på ein tirsdag - digg! Rette litt i kveld før fruene og strikkinga:)








16.01.2012

God morgen!

Idag er det kaldt her, var minus 18 på morgonen! Så kva passer vel bedre då enn kakao med kaffe til frukost?!? Håpar berre det vert mildare snart - skia ropar!

Og igår var vi på skikarusell, lille E lurte veldig på kva for ein karusell han skulle køyre... Og storebror vart så oppgitt over at han ikkje skjønte det! Men det vart bra, med startnr på brystet gjekk han så det suste! Storebror er rutinert karusellløper så han stod aleine på start og gjekk så det spruta, pappa hang berre så vidt på;) Det var flotte forhold og stortsett glade born - 158 startande sei litt om jobben dei frivillige gjer - hurra for dei!

Ha ein flott tirsdag - vi har roligdag med mammaogpappatrening etter leggetid, det betyr lego heile ettermiddagen:)


15.01.2012

Tova tøfler

Idag skal lille E i bursdag til ei av bestevennane sine - ho blir tre år! Forrige helg strikka og tova eg tøflar til gutta, dei var fine i passform - treng berre ein knapp på toppen, og gode og varme sa M. Derfor fann eg fram litt garn og pinnar og strikka eit par til bursdagsjenta. Kjekt å få bruke litt rosa garn og:)



Lille E stod modell og var klar for bursdag med ein gong!

Nydelige Budor


Budor er eit flott sted, akkurat stort nok og bratt nok! Vi parkerte ved kafeen og då er det berre å ta på skia og gå mot Mållia. Med trykk på mot... Lille E likar å gå på ski, men det er kjekkere å renne seg nedover:) Derfor gjekk vi ikkje så langt, men langt nok for korte bein. Storebror gjekk langt og kunne sikkert gått heilt inn hadde ikkje mor og bror venta på pølsene:)

Etterpå rente vi oss på rattkjelke i den fine bakken, og øvde på å ta skitrekk - tøft sa lille E.










13.01.2012

Morgonstund har gull i munn

Så var det endeleg laurdag, guta ser på barnetv og husbond slumresøv. Snart er det full fart med frokost, leiking og etterkvart ein tur ut med ski og akebrett. Er mildt ute og då kan ein ikkje vere inne på turning - då må vi ut! Ut stoveglaset ser eg ein raud himmel der sola er på vei opp og lovar ein fin dag. Dette er siste helga det ikkje er noko planlagt på lenge så den skal nytast. Men før det er det morgonstund, med te i pipkoppen, nytt Rom123 og mamma sine hardevafle med brunost! Deilig!!


Ps - sjå dei nye knallrosa putene eg kjøpte på salg igår - rosa gjer meg glad!



Det her er ein typisk helgeaktivitet tidleg på morgon - duploby - kjempekjekt!

Ha ein fantastisk dag - og helg!

12.01.2012

Kvardagsmiddag

Vi merkar at gutane blir eldre, på mange områder, men særleg på middagen! No kan vi sitte i ro, det er ikkje kvar gong nokon søler og faktisk ha ein samtale. Avogtil et vi saman med to tøyseministre, slik som bilda viser, men ofte har vi gode samtaler, slik som denne:
Pappa: Kven skal du invitere i bursdagen din da  M?
M: Hmmm.. K og J... Og.. M og M, og gutta i barnehagen..
Lillebror: Men jei da, M? Ska jei komme i bursda?
M: Klart du skal, du e jo lillebroren min!

Da måtte mamma og pappa kaste et blikk på kvarandre da! Det var gode ord under kvardagsmiddagen!



Just another perfect day...


Jepp - ein flott tur på ski idag og! Og samtidig ein god samtale med favorittfamiliemammaen, det likar vi! Det gir energi til kropp og sjel.

Når eg i tillegg har fått lese ein god bit nynorsk - korleis undervise, sagt mitt på nettdiskusjonen og ordna fisk til middag - då er dagen heilt flott!!

No vert det litt skiskyting i bakgrunnen mens eg prøvar meg på ei jakke til ei lita frøken som er heilt ny i verda - velkommen til familien lille A!

Ha ein flott torsdag, det skal eg! Ingen av gutane har aktivitet i kveld og husbond har heller ingen planar - men ein skitur - det skal han få!!


10.01.2012

Eg er priviligert eg!

Tenk å kunne gå på ski i sola midt på dagen på ein tirsdag:) Eg tok på skia rett utafor huset og gjekk opp i trikkeskinnespor! Så fantastisk med studiedagar. Så måtte eg studere på kvelden, og la strikketøyet ligge - men det var heilt greit!

Så når eg henta lille E og store M to timar tidlegare i barnehagen fekk vi tilogmed tid til å lage skispor i hagen! Det likar eg!!

Skitur gir overskudd og dermed vafler til kvelds:) Med havregryn og honning!!


Ha ein fantastisk onsdag!! Eg skal sparke heim, og har fått fri fra langøkta idag - det blir ferdig middag til gutta!

Året som har gått!!

Marius vart 4 år!

Det var flotte akeforhold på skula!

Den nye hallen opna, hit kjem vi ofte!

Vi hadde den obligatoriske sykkylvsturen i vinterferien.

Årets mest fantastiske - VM med gull til Therese!

Små birkebeinarar!!

Eirik var innlagt med RSvirus - igjen!

Og pappa gjekk Birken!!

Litt isfiske på tampen av vinteren, var kaldt til det plutseleg vart vår.

I løpet av året har vi vore med på nokre trivelege matpakketurar med BTL

Besøk frå Sykk, Mimmi, Hannah og Majlen

Slik såg det ut i påska iår!

17 mai på vanleg vis:)

Vi fekk oss ein kjærastetur til Stockholm fordi Astridbesta steppa inn!! Takk!

Mange flotte treff med gode vener! Her med finefamilien som bur på Hanstad! Og besøk frå  Krogstadelva.

Konfirmasjon i Vinje - flotte jenter! Ja, dei er like fine inni;)

Amadeusparken sammen med favorittfamilien!

Lillebror 2 år!!

Gutta sykla Tour of Norway for Kids - stor stas!

Sommeren var ganske så våt...

Men ferien i Sverige og Danmark var flott!!

Og Sagis med Sykkylvsbesøk i august.

Elverumsdagane - jentene fekk svidd av nokre lappar!
Mamma gjekk Trysilrypa i september! 

Det var ein fin haust!

På besøk i Krokstadelva - stooor stas!

Haustferie i Vinje - as usual;)

YESS!! Mamma sprang KKhalvmila - så kjekt!

For eit flott år - og enda manglar det eit par månader!
Posted by Picasa