30.03.2012
18.03.2012
Då erklærer eg herved våren for opna!!
Laurdagen vart fikse og ordne dag for oss som var att heime. Beppe hadde ein travel dag, han køyrde to birkebeinarar til start på Rena, han var igang allereie klokka åtte! Han måtte ut og handle laurdagsgodt og fikse både kaffemaskina og lysrøret på badet - snakk om effektivitet!! Mimmi ordna deilig middag, akkurat i tide til at husbond kom heim og barnas supershow starta!
Så no er den her - den herlege tida, med mange utedagar!! Vi har fått ein god smak av det idag. Vaffeljernet har fått lufta seg!! Deilig lukt i hagen;) Verandaen er måka, klar for fotballspeling fram til hagen tørka. Epletrea er blitt beskorne, og dammar har blitt inspisert!
| Kirkekaffe etter kjempekoslig myldremesse i Hernes |
| Hmmmm.. Legg merke til at lillebror dett akkurat her;) |
13.03.2012
Vårkjensler:-)
| På veg til martn i vogna! |
| Når gradestokken viser 26 grader i sola og eg må sitte inne, då er det bra ein har god bok, te og telys... |
08.03.2012
Liv i byen:-D
Så var det martnstid att! Var innom ein svipp idag når eg henta dei nye skia mine, dei er såååå fine;-) gleda meg til å teste dei! No er eksamen vel overstått og, det gjekk bra, kunne godt bedre.. Men slik vart det, med sjuke unga og mann på jobb. Eg er ferdig med den og har lært kjempemasse!!
Så, no er det altså martnstid:-D gutta fekk seg nye boblejakker, store no, for dei skal passe til neste år! StoreM fekk ei vårjakke og, han veks no som ugras!
Husbond jobbar på martn, med gamle dagar preg og vi var der ein tur idag etter barnehagen. Veldig kosli, gutta kasta på blikkboksa og vant kvar si ku, koseku! Vi gjekk ein runde i storgata og alt var som vanleg. Eller nei, kjøpte smultringar, som vanleg, og det var tidenes beste!!
I morgo skal eg på rovdyrsporing, håpar på flott ver og har pakka pinnebrøddeig i sekken!

| Når lilleE såg det bildet her sa han: M og E er snuppelupper;) SØTNOS! |
05.03.2012
Ei fluge i vinduskarmen..
På fredag, når det vart heimedag på meg og LilleE, oppdaga han ei fluge i vinduskarmen :) Han vart heilt frå seg fordi den var inne, vi måtte sleppe ho ut! Det var sol ute, men eg trur ikkje ho hadde overlevd.. Men då var det på tide å fortelle han at no kom våren - med fluga??!! nei, med sola! Og det er deilig! Det er meldt snø om eit par dagar, men det gjer ingenting. Alt blir berre kvitt og fint då, og det tinar før sommaren uansett. Men det er lykke, å sitte på trappa og kjenne sola varme!
Lykke er og å gå i to tima og trekvarter på ski i nydeleg sol, med grøne grantre og knallblå himmel, sjølvom eg egentleg skulle ha lest.. Men som mi gode turvenninne sa: Det er aldri feil å gå på ski - så då gjorde vi det! Og med det skarpe føret var det kjekt nedatt, tilogmed så kjekt at det var verdt to tima oppover - hengande på stavane! E - eg gjer det gjerne igjen!!!
I helga vart begge gutta sjuke, så det vart ikkje skileik og pinnebrød med sjokolade. Men det vart ein flott tur med vogna på laurdag, etter ein lang pysjmorgo, då var dei berre pjuske, uten feber. Og på søndagen vart det ein veldig bra dag. Det var roleg inneleik, vi var på kjøretur og sa hadet til frøkna frå Krokstadelva, og henta fleire kasser og posar med bøker og spel fra Heggebærvn, dei skal flytte og vi er så heldige å arve!! Det var eit skattkammer!! Vi koste oss på ettermiddagen med spel, og StoreM fekk besøk av kompisV, det var kjekt!

| Deilig å ha god tid når ein er på rusletur til å prøve alle brøytekantar;) |
| Når ein er sjuk er det godt med vafler og smoothies til lunsj!! |
| Mammaen fekk tilogmed tid til strikk, det her blir noko påskeaktig!! |
| LilleE vart veeeeeldig frisk utover dagen og måtte tøyse litt ;) |
| Litt matte i blikket med onepiece, ulltøfla og vannflaske.. |
02.03.2012
Frampeik:-D
Idag har det vore ein innedag på meg og mini.. Han hadde feberkinn og lite ork, og mor hadde mykje ho skulle ha gjort. Men, han var med på jobb og fekk ordna litt, resten får vi ta søndagen når husbond har kome heim! Men vi fekk flott besøk av superjenta frå Drammen og mammaen og pappaen!! Det var stas for både liten og stor<3
Ute skein sola heilt nydeleg så vi håpar han er feberfri i allefall søndag!!
Storebror såg vi knapt idag. Vi fekk beskjed om ikkje å hente tidlig, dei skulle på tur og dessuten var det så fint ver.. Så han rakk akkurat å ete pannekaker og bytte om før han for i jentebursdag:-D bestevenneninne J blei seks år idag!! Men han hadde kost seg sa han, til tross for to gutar og maaaange jenter:-D.
Rart igrunn, plukke han opp hjå ei jente ein fredagskveld;-)
| Feberkinn.. |
| Fine guten klar til bursdag :) |
01.03.2012
Filmkveld!!
Vi kosa oss m film og popcorn på ein heilt vanlig torsdag! Fantastisk ver med over 10 grader i skyggen:-D eg har gått på ski, litt glatt men då bli det ekstra trening på arma;-)
Men no, strikking og lynet2! Og i kveld kjem energijentene på koiestrikk!! O glede!
Eksamen.....
No nærmar det seg eksamen veldig fort.. På onsdag kl 09.00 skal eg i ilden, så då må alle sende varme tankar.. No skriv eg oppgåve og lagar eksamensopplegg til neste veke, og har eksamensbøkene innan rekkevidde. Likevel.. eg ventar på at tåka skal lette så eg kan gå meg ein tur på ski ;)
I helga skal husbond jobbe så eg og unga skal kose oss ute, StoreM lurte på om det var på tide med pinnebrød, og det trur eg!! Men medan eg ventar på sola, gleda meg til helga og nileser før gutta skal hentast kan eg sjå og drøyme tilbake til forrige helg på Budor!

Abonner på:
Kommentarer (Atom)