28.02.2012

Hekla tøfler

Eit par hekla tøflar har forlatt pinnen i løpet av ferien! Dei var bursdagsgave, men no har mottakeren fått dei, så då kan dei bloggast! Hekla i hubro, blir ikkje siste for desse var gode på foten, og letthekla;-)
No nærma eksamen seg fort, for fort.. Fristande å gjer andre ting, men 400 sider pensum er mykje.. Særlig når det handlar om gammal norsk og dialekter.. Ja, ja, berre å gå på med krum rygg:-D


25.02.2012

God helg:-D

Gutta søv etter ein vindfull og flott tur på Budor! Dei gjekk Risseløpet, Risse er ein nisse som bur i løtenskogen;-) Vi grilla burgere, og åt sjokolade!! Fine ferien!


24.02.2012

Ikkje heilt som planlagt..

Dagen vart ikkje heilt som vi hadde planlagt, sola gjorde sitt og begynte med ein knall raud himmel, men nesten før vi fekk begynt å gle oss spydde LilleE. Så då var det berre å senke tempoet! Men for ein fin dag det vart! Roleg og lang morgon med bok og legobygging, mamma fekk strikka litt, pappa lest litt avis, null stress! Etter lunsj gjekk dei store gutta ut, og lillebror sovna i senga si. Det vart tilogmed tid til å vaske vindu, utruleg kva ein ser når ein er heime på dagtid.... Og etter eit par timar var vi opplada alle mann. Gutta hadde gått 5(!) km på ski!! Flinke storebror!!! Mor fekk lagt inn bilder og blogga og far fekk seg ein ekstra time ute på ski i sola. Imorga er det sikkert min tur!
Og eg og gutta lagde kjempefine godteriskåler, dei må fyllast i morgo:-)
No har vi avslutta med taco og barnetv og kryssar fingre for ei roleg natt...




Vinterferie i Stavåsen :)



Vi er heldige som har Stavåsen rett utafor stovedøra. Vi tok på skia i hagen og tusla ut i skogen med mykje godt i sekken!! Og det var bra, for det vart ein lang dag. Først gjekk vi ein lang (i småbeinmålestokk) skitur og åt lunsjen vår i sola. Rakk å ete brødskiva og drikke smoothien før LilleE var klar att! Han skulle på stadion og hoppe på ski! Og ned dit var det nesten berre bakkar med ein ordentleg flott utforbakke tilslutt, og oppover, men det gjekk bra! Dei har blitt gode på fiskebein!
På stadion var det mange ungar allereie og med det skarpe føret så gjekk det unna med kjelkane. Ein blir fort svolten ute på ski og då var det godt vi hadde ved og pølser. Så dagens middag tok vi og ute :) Ikkje før klokka var fire begynte vi å snakke om heimatt, og etter det var det mange "berre ein siste tur.." før vi begynte å gå... Heimattturen baud på litt utfordringar, men med kjelkar og sterke foreldre gjeng alt bra.. Og litt smågodt:) Klokka fem var vi heime att, vi gjekk ut klokka ti, var aldri meir enn 20 min i voksentempo frå huset, då kan ein snakke om flotte nærområder!! No må vi berre prøve å  få til ein dugnad på brua så mammaen ikkje blir så engsteleg!!!














Posted by Picasa

StoreM fem år og jungelbursdag med apekattar!!













Posted by Picasa

Ei flott helg!! Vårsol i hagen og lekeverden!

 I tre dagar har vi hatt Bestabesøk og laursdagen var grå, men vi måtte ut! Ein liten tur på skula for å sjekke ut bakken der. Det var første gongen iår, isen på Sagis har ikkje vore trygg før, men det var kjempekjekt! LilleE stod på ski, men var litt sliten så han trengte litt ekstra skiheisprivilegier :) Men storebror hoppa med kjelken på kulane så han datt av! Og Besta var imponert over skiferdighetane til LilleE! Sidan Besta og StoreM hadde laga vaflar mens vi var på turn hadde vi berre med kokosboller den gongen her. Men neste gong trur eg vi tek med både vaffelrøra og ved, for der var det ein kjempeflott bålrigg, med gapahuk med benkar og bord!






Søndagen var det fastelaven, vi bakte bollar med sjokolade (for det er bedre enn krem!) og leika med dyr i pysjen. Men når sola varma gradstokken til 13 grader PLUSS var det berre å kle seg og ta med bollar og kakao ut i hagen! Deilige vår - velkommen, men vi vil ha snø litt til:)


















Når det skya på, ca ti over halv ett var det berre å hive seg inn og få på tørre kle. For vi var på leikeland på Hamar saman med bestevennJ - det var kjekt! Dei ser avslappa ut her, men vi var der i fire timar og vi måtte tvinge dei til å sitte stille. Dei åt ikkje opp isen eingong! LilleE har blitt stor og klarte alt sjøl! Så mammaene fekk skravla skikkelig - og drikke kaffe, og strikke tomt for garn!! Moralen er: mat i bilen på veg dit, når dei allikavel må sitte stille, og nok garn :)












Posted by Picasa

Flotte Budor!


Heile familien begynn å bli ordentleg glad i Budor. I vinter har vi vore der berre ein gong, men gutta snakkar mykje om det, og vil gjerne dit når vi skal på utflukt. Vi skulle dit idag, men LilleE har blitt sjuk.. Spysjuka og det har vi ikkje hatt her på gutta før, stakkars liten! Alle vi tre andre offer oss og ser medlidande på han kvar gang bøtta må fram.. 5 ganga før tolv kan ta på alle og einkvar. Så idag er det rolige inneaktivitetar på mamman og lillebror. Ikkje for det, pappa og StoreM gjekk akkurat ut på skitur etter å ha bygd enda ein legobil. Han kosar seg verkeleg, storebror altså - han blir legogutt!!








Posted by Picasa

Bedre seint enn.. LeneLaga i januar







Posted by Picasa