24.03.2010

VÅR?

No gjeng det mot vår - la oss håpe det gjeng fort! Egentlig litt rart å lengte og vente så veldig, og når den kjem vil vi egentlig ha sommer... Men vi har iallefall lufta regnklea, med nokre lag ull under!!

Vi hadde ein kjempefin og roleg fredag, eg og smågutta. Godt å ta det med ro heime ein dag når mamma og lillebror endeleg er heime att!




16.03.2010

Snørr, virus og feber!

Det er verkeleg ettervinter med mykje sjukdom både i barnehagen og blant venner og kjente. Og da gjekk det som det måtte med lillebror - han fekk lungebetennelse og rsvirus.
M vart sjuk forrige søndag og var heime til onsdag, da var han feberfri, den dagen fekk E feber og fredag vart vi innlagt på sjukehuset. Dei påviste lungebet, og heile helga hadde vi rom aleine, kom ei dame m ein baby inn frå sønd til mand, men då vart vi isolert og fekk rommet aleine att. I dag vart det påvist rsvirus og vi fekk reise heim!!
Var veldig godt å komme heim til pappa og storebror!! Men vi hadde eit flott opphold på sjukehuset, dei tok godt vare på oss og svarte på alle spørsmål. Eg fekk hekle, strikke og lese masse blad - litt husmorferie og mest seng for E. Han var "limt" på fanget heile tida.. Men det meste må gi opp mot kos og pencilin så no gjeng det fort framover!!

Jammen godt vi har Drømmehagenfilm til lillebror og Gubben og katten til storebror, takk tante og onkel, A og M i Vinje for DVDen, godt å ha en ny favoritt som har vippa lynet ned til andreplass!!



Aktive gutar!

For kvar dag som gjeng så ser vi at gutane blir meir og meir avhengig av kvarandre. Den lille ropar når han vil ha storebror si oppmerksomhet og den store gjer alle mulige sprell for å få den lille til å le - ikkje for det, han er lett å glede, det er somregel nok at den store hoppar;) og det verkar som han vil bli lett å lede.. "Kom så gjeng vi på rommet mitt", sei storebror, og lillebror kjem ålande etter!!
Herlige og aktive gutar!!





Shopping!

Tok meg en kveldstur til L sin butikk, lille kråkebolle, ho sel luksusbrukt. det vil sei kle fra alle andre merke enn Lindex, Cubus, Hennes, Kappahl.. Osv, så med andre ord - mykje mykje fint! Ho legg ut bilde på fjesboka, og sender i posten om ein finn noko, sida finn du her.

I hvertfall så fann eg bunad til begge gutta, fullt utstyrt til den nette pris av 400 kr - kjempekjøp!




I tillegg fann eg dei to buksene eg skulle kjøpe til M, den brune (fra Polarn o pyret) har allereie blitt ein favoritt!! Og ein ubruka dress i strikka bomull til E, det er så supert med heil dress når ein er høgt og lavt og under og over! Blir sikkert god utover sommeren når han berre kan ha bleie under;) Vurdera å sette inn glidelås da... får sjå, bilder blir lagt ut i allefall om eg skulle gjere ein slik bragd!!

11.03.2010

Vinterferie i Sykkylven!

Vi hadde ein fantastisk vinterferie i Sykkylven, nesten som påske!! Litt kaldt fra morran - men var 30minus på Elverum så det gjorde ingenting;) Stod opp i gryotta her og, eller, Mimmi stod opp, og alle var klare for tur ca ti kvar morgon.
Da gjekk vi ut på tur, åt lunsj både på Vad, bedehuset og BUAS, var i fjøra kvar dag og kasta stein, og alt anna som kunne rikkast, og kom heim når sola gjekk ned bak Stavekollen i firetida!!


Vi rakk ikkje å besøke så mange, og vi trengte å berre kose oss uten stress, men vi traff mange da! på Kiwi;)
Og vi rakk bursdag til M på Vik, storebror feira endå ein gong. Og eg hadde ein artig og nødvendig kafetur (med påfølgande omvisning) att med A, E og C - deili!

Sjå no på bilda fra den vakre bygda, og den koselige leiligheta til Mimmi og Beppe!
















Storebror 3 år!!


Endeleg kom dagen som storebror har venta så frykteleg lenge på! Og vi tjuvstarta tilogmed! Dagen før inviterte vi til utebursdag på museet! Litt kaldt, men alle kledde seg godt, og store og små hadde det kjempekjekt!

Gjorde ingenting at det snødde og glasuren på kaka fraus når der var ein så fin bakke å boltre seg i - mammaer kan også ake (les;konkurrere!)







Og på den ordentlege dagen vart det enda fleire gåver (visste ikkje det fanst så mange flotte Lynet-effektar), og voksenbursdag! Heilt i hundre blir ein da!



Fastelaven, morsdag og valentine

Store merkedagar, søndag og nydeleg sol - kan det bli betre? Starta dagen med aking på skula att med N og M - kjempekjekt, gjekk fort ned og med sjokolade i sekken var alt topp!!




Etterpå var det tid for fastelavensbolla og kakao på trappa, i sola, med krem både i bollane og kakaoen;) viktig å kose seg!!





Den perfekte avslutninga var middag på alle sin favorittrestaurant, Milano, sammen med E og K. Og gildet betalte salvfølgeleg pappa;)


04.03.2010

mangler ledning....


Idag har eg satt meg godt til rette i sofaen med nylada laptop for å legge inn bilder men ledningen til kameraet mangler.. Grrrr... skal leite i morga og prøve igjen da!! Har tatt masse fine bilde på vinterferie i Sykkylven! Og no er det Martn her med mykje liv - og nystekte smultringer. Smultring, te og Kamille - here I come!! Men legger ved eit bilde av ein staseleg kar før broren sin dåp!
Ha ein god fredag!!