30.04.2010

God helg!!

Vi vil berre ønske alle ei skikkelig god helg, håper den blir full av artige ting;) Vi har såvidt begynt å plante og ordne litt i hagen, gleda oss til sommeren! Idag har eg tilogmed fått tak i ein vask med plate som vi skal bruke til utekjøkkenet vi skal bygge!! Men vi skulle hatt ein snekker... Anyone??

Uansett - GOD HELG FRA OSS 4!


29.04.2010

Den siste veka...

No er eg tilbake på jobb og tida heime er ugjenkalleleg forbi. Sjølvom det er vemodig å tenke på så trives eg veldig godt på jobb att!! Klassene eg har er flotte og jobbar som heltar, det er åtte og ein halv vanleg skuledag att før eksamen... så det kan hende det blir litt færre innlegg her fram til karaktersettinga den 10 mai;)

Her er to bilde frå det vi gjorde siste veka, som vi egentlig skulle gjer heile permisjonen.. Sy og bake! Og fredagen var vi i Leiret på kafe og shopping heile dagen sammen med E og I, og vi var berre på syaktige butikkar - kjempekjekt!!


Skinnjakker

Gutta har fått seg like "skinnjakker"! Er ikkje ekte, men... dei kosta berre 50 kr stk på HM og då kunne eg ikkje gå ifrå dei!! Har venta i det lengste med å legge ut bilder i håp om å få jakkene på dei, men dei skjønna ikkje vitsen med å ha på jakker når dei ikkje skal ut;) Kjem nok snart! Her er i allefall eit par dårlege, men sjåbare bilder!


21.04.2010

"Gamle" bilder;)

Har egentlig ikkje noko nytt å komme med, men såg gjennom bilder fra jula og dei her måtte bare ut.. Gode minner;) Adventstid m pølser på bål i Stavåsen! Ellers nyter vi siste uka og lada opp til jobb igjen, og vår... Idag snør det...




19.04.2010

Søndagstur

PÅ søndag var det sol, men surt og vi hadde avtalt badetur til Ankern med familien S! Drog i tolvtida så vi rakk litt leik og hagearbeid og kaffebesøk i hagen - stas!

Etter ein artig tur i bassenget, begge gutta kosa seg veldig, var vi svoltne. Og på McDonalds vart vi mette og god og fekk leika enda litt til! Heime att til barnetv etter ein flott søndagstur!!



15.04.2010

STOR SYKKEL!!!

Vi skrudde ned setet, pimpa sykkelen med klistremerker og vips var den ikkje så skummel likevel.. Jammen bra det er planlegging i barnehagen i morga så han kan være heime og sykle heile dagen!!



og lillebror krabba, så det skal han gjere i heile morga;)

12.04.2010

Sykkeltur!

På laurdag var det turn som vanleg og fordi det var så kjempebra ver bestemte M seg for at han ville sykle... E sov i vogna så vi drog avgårde med mykje lokkesjokolade i veska;) Turen inn gjekk kjempebra, han var veldig flink! Men heim var han nok sliten, vi skulle ta buss, men nok en gang ville han sykle.. Og det tok laaaaaang tid!!

Vel, vi kom heim tilslutt, no har vi prøvd og det er ikkje sikkert vi gjer det igjen;)



Knekkebrød!



Her er oppskrift, bak og nyt! NB - vanedannende...

4dl sammalt grovt rugmjøl
4dl havregryn
2dl solsikkekjerner
1dl linfrø
1dl sesamfrø
2ts bakepulver
1ts salt
7dl vatn (+4ss nøytral olje)

Alt blandast og skal svelle i 15min.
Spray to plater med formfett, eller smør dei med olje eller smør.
Fordel røra utover så tynt som mulig. Del opp i ruta med pizzahjul.
Steik midt i ovnen i ca ein time på ca 160 grader. Sett inn begge platene vist du har varmluft.
Dei skal vere heilt tørre og løsne lett fra plata, opne døra undervegs og slepp ut damp. Er dei ikkje tørre etter en time så skru ned temperaturen og la dei stå litt til.


Har bakt superenkle, supergode og sikkert supersunne knekkebrød;)

11.04.2010

Besøk i hagen!

idag har vi hatt besøk av barselgr til M - kjempekoslig! Vi åt pølser og kjeks og drakk kaffe og saft i hagen - og leika masse i sola!!!

PS - Knekkebrødoppskrift kjem i morga;)





Påskesyslerier

Vi gjorde mykje anna i påska også, sjølv med dårlig vær!

Var på museet og fiska, åt middag med Beppe på Milano og M fikk sitt aller største påskeegg - med stjerner i øynene!!
Gutta var også på museet ein ettermiddag så mamman fikk sy litt;) Og då vart det is på Forstmann!!
Og ellers var vi selvfølgeleg ute og trilla kvar dag! E måtte jo sove i vogna!





Påsketur i Hafjell!

Påska iår var litt stusselig værmessig, første del iallefall.. Men påskeaften reiste vi på hotelltur til Hafjell. Og vi hadde to flotte daga!! Ikkje strålande sol, men deilig temperatur og søndagen kom sola. Og då var det vår når vi kom heim!!

Vi bodde på det gule hotellet i "svingen". Kjempebra service og badebasseng!! Alt vi ønska oss;)






06.04.2010

Bakst!

Såg på Godmorgen Norge her ein dag og der var det takkebakst!! Og det måtte testast! Dei er bakt av spelt og M digga dei! Det gjorde vi andre også, så eg måtte til med ein porsjon til rett før påske. Den bakte eg med kveitemjøl, og det vart faktisk ikkje like bra. Vart saftigare med speltmjøl, trur eg...

Ellers har vi hatt ei flott påske, bilder kjem ein av dei nærmaste dagane!