19.07.2010

Anna feriemoro!

Stikkorda på ein perfekt sommar er; iseting (kvar dag, ofte fleire), besøk av alle dei store i barnehagen til M, leiking i bekkeverkstedet, bading i sagis med L, H og E, og sol og leik i hagen!









Ferie i Danmark!

Vel... ein månad mellom innlegga er vel litt for lenge. Men vi har hatt sol heile tida - kan ikkje sitte inne og blogge da!! Men no i kveld regna det, så det nye blomsterbedet mitt får berre vente - og blomstrane får halde seg i live...

Men her er bilda fra ein fantastisk ferie i Ebeltoft! Huset var perfekt for oss, med ein flott "bakgård" med steinplatting som var flott å sykle på, øve på å gå på og ikkje minst så var der sandkasse i hjørnet!







Vi begynte ferien med ein dag som turista i Oslo, åt picniclunsj på Akershus festning, midt i vaktskiftet, og det var stas for alle tre gutta;) Vi gjekk rundt i byen i det flotte været, det var kjekt å være turist i tigerstaden! Og når vi venta på båten fekk vi is og der var det hoppebåt - stas!





Ombord i båten hadde vi bestilt lugar med vindu, så vi måtte sjå at Oslo forsvant! Etterpå gjekk eg og M på oppdagelsesferd mens ST la E;) Vi traff Nysgjerrige Nils, leika masse, handla ein bil og begynt å gle oss til heimturen der vi skulle leike heile dagen - for no skulle vi sove! Vi kom sovande til Danmark alle fire og reiste rett til Aalborg zoo, ein fin park. Så henta vi nøkkelen til huset og budde (les;leika oss inn)!







Ebeltoft er ein flott by med passe langt til det meste, og vi var rundt omkring! Fekk med oss Ree park - anbefales!, ein dag i Århus, ein dag på stranda, leik i hagen, Kattegatsenteret i Grenaa - anbelfales, i tillegg til bytura med is og middag i Ebeltoft og leik i bassenget og på leikeplassen på feriesenteret ved sommerhuset vårt. Hit vil vi tilbake!!

Og her er eit knippe blinkskudd;)











19.06.2010

Gulrotkake - verdens beste!

Her kjem ei oppskrift på verdas beste gulrotkake;) God sommer




8 egg
8dl sukker
8 dl kveitemjøl
4ts natron
4ts kanel
4ts vaniljesukker
4dl soyaolje
1kg raspa gulrot

Lag eggedosis, bland alt det tørre og ha alt i eggedosisen. Ha i gulrot og olje til slutt.

Kaka passar akkurat i ei slik form med lokk. Men selvfølgeleg også i muffinsformer eller rund form!

Steik på 175 grader i 1 time og 10 minutt.

Lag kremen så lenge av 1 pakke melis, 1 filadelfiaost, naturell og ca 100 gram soft smør.

Nyt!

11.06.2010

Eg - ein skippertakbloggar!!

Det gjeng litt i rykk og napp her på bloggen slik som ellers!

akkurat no er det mest fokus på karakterar og eksamen. Fredag forrige veke hadde eg opp eit parti i RLE, dei var veldig flinke! Og igår var eg i Trysil som sensor, gjekk bra det også! Då "sneik" eg meg til ei overnatting i Buflogrenda, kjempetriveleg! Pannekaker og ertesuppe til middag og skravlings altfor lenge utpå natta!

Idag er dei siste karakterane satt og no er det tid for å vaske hus til helga. Lenge sida sist så eg er vel ein SKIPPERTAKVASKAR også...

Og etterppå - sommerfest med jobben, i ny kjole og skinnjakke, blir så bra at! Men det er to år sida sist så jammen - eg er ein SKIPPERTAKFESTAR også;)

Ha ei god helg fortsatt - vi skal feire storsjarmøren vår!


Gutane veks og leikar mykje!!

M og E har meir og meir glede av kvarandre og dei finn på nye ting å leike med kvar dag! Eller - storebror finn på og lillebror er avogtil med - men om han ikkje får viljen sin blir han sprettsint!!

Så avogtil er det slik:



Og avogtil slik...



men som oftast er dei gode venna!



Og minstemann utvidar stadig radiusen sin;)



Artige dagar!!!

Pinsebesøk

I pinsa hadde vi koseleg besøk av tante K, onkel V og A og M. Då var det god mat, mykje leik og fotball og ein tur på bruktbutikk med mange gode "varp"! Ei flott helg var det! Og Marius fann favorittplassen sin... ;)




Tante M 60 år!

Egentlig ville ikkje Tante M feire, men vi kom frå fjern og nær og hadde ein kjempedag!
Flott ver, nydelig mat, blide folk og mykje god prat!!