19.06.2010

Gulrotkake - verdens beste!

Her kjem ei oppskrift på verdas beste gulrotkake;) God sommer




8 egg
8dl sukker
8 dl kveitemjøl
4ts natron
4ts kanel
4ts vaniljesukker
4dl soyaolje
1kg raspa gulrot

Lag eggedosis, bland alt det tørre og ha alt i eggedosisen. Ha i gulrot og olje til slutt.

Kaka passar akkurat i ei slik form med lokk. Men selvfølgeleg også i muffinsformer eller rund form!

Steik på 175 grader i 1 time og 10 minutt.

Lag kremen så lenge av 1 pakke melis, 1 filadelfiaost, naturell og ca 100 gram soft smør.

Nyt!

11.06.2010

Eg - ein skippertakbloggar!!

Det gjeng litt i rykk og napp her på bloggen slik som ellers!

akkurat no er det mest fokus på karakterar og eksamen. Fredag forrige veke hadde eg opp eit parti i RLE, dei var veldig flinke! Og igår var eg i Trysil som sensor, gjekk bra det også! Då "sneik" eg meg til ei overnatting i Buflogrenda, kjempetriveleg! Pannekaker og ertesuppe til middag og skravlings altfor lenge utpå natta!

Idag er dei siste karakterane satt og no er det tid for å vaske hus til helga. Lenge sida sist så eg er vel ein SKIPPERTAKVASKAR også...

Og etterppå - sommerfest med jobben, i ny kjole og skinnjakke, blir så bra at! Men det er to år sida sist så jammen - eg er ein SKIPPERTAKFESTAR også;)

Ha ei god helg fortsatt - vi skal feire storsjarmøren vår!


Gutane veks og leikar mykje!!

M og E har meir og meir glede av kvarandre og dei finn på nye ting å leike med kvar dag! Eller - storebror finn på og lillebror er avogtil med - men om han ikkje får viljen sin blir han sprettsint!!

Så avogtil er det slik:



Og avogtil slik...



men som oftast er dei gode venna!



Og minstemann utvidar stadig radiusen sin;)



Artige dagar!!!

Pinsebesøk

I pinsa hadde vi koseleg besøk av tante K, onkel V og A og M. Då var det god mat, mykje leik og fotball og ein tur på bruktbutikk med mange gode "varp"! Ei flott helg var det! Og Marius fann favorittplassen sin... ;)




Tante M 60 år!

Egentlig ville ikkje Tante M feire, men vi kom frå fjern og nær og hadde ein kjempedag!
Flott ver, nydelig mat, blide folk og mykje god prat!!




17.05.2010

Hipp hipp hurra!!!


Lilla hagefølelser...

Slik kan det gå når eg fer handla måling på Maxbo hailt aleine... Vel Marius var med og han valgt faktisk mellom gul og den her fantastiske LILLA fargen som hagemøblane skal få!! HÅpar og trur det blir litt romantisk.. med blondeduker, scones, te og lavendel og sol i lilla møblar!!