16.03.2010

Snørr, virus og feber!

Det er verkeleg ettervinter med mykje sjukdom både i barnehagen og blant venner og kjente. Og da gjekk det som det måtte med lillebror - han fekk lungebetennelse og rsvirus.
M vart sjuk forrige søndag og var heime til onsdag, da var han feberfri, den dagen fekk E feber og fredag vart vi innlagt på sjukehuset. Dei påviste lungebet, og heile helga hadde vi rom aleine, kom ei dame m ein baby inn frå sønd til mand, men då vart vi isolert og fekk rommet aleine att. I dag vart det påvist rsvirus og vi fekk reise heim!!
Var veldig godt å komme heim til pappa og storebror!! Men vi hadde eit flott opphold på sjukehuset, dei tok godt vare på oss og svarte på alle spørsmål. Eg fekk hekle, strikke og lese masse blad - litt husmorferie og mest seng for E. Han var "limt" på fanget heile tida.. Men det meste må gi opp mot kos og pencilin så no gjeng det fort framover!!

Jammen godt vi har Drømmehagenfilm til lillebror og Gubben og katten til storebror, takk tante og onkel, A og M i Vinje for DVDen, godt å ha en ny favoritt som har vippa lynet ned til andreplass!!



Ingen kommentarer: