11.03.2010

Vinterferie i Sykkylven!

Vi hadde ein fantastisk vinterferie i Sykkylven, nesten som påske!! Litt kaldt fra morran - men var 30minus på Elverum så det gjorde ingenting;) Stod opp i gryotta her og, eller, Mimmi stod opp, og alle var klare for tur ca ti kvar morgon.
Da gjekk vi ut på tur, åt lunsj både på Vad, bedehuset og BUAS, var i fjøra kvar dag og kasta stein, og alt anna som kunne rikkast, og kom heim når sola gjekk ned bak Stavekollen i firetida!!


Vi rakk ikkje å besøke så mange, og vi trengte å berre kose oss uten stress, men vi traff mange da! på Kiwi;)
Og vi rakk bursdag til M på Vik, storebror feira endå ein gong. Og eg hadde ein artig og nødvendig kafetur (med påfølgande omvisning) att med A, E og C - deili!

Sjå no på bilda fra den vakre bygda, og den koselige leiligheta til Mimmi og Beppe!
















2 kommentarer:

Anne sa...

Kjære vene kor lik Marius er på mamman sin!

Lene sa...

he he he!like sta også;)