29.04.2010

Den siste veka...

No er eg tilbake på jobb og tida heime er ugjenkalleleg forbi. Sjølvom det er vemodig å tenke på så trives eg veldig godt på jobb att!! Klassene eg har er flotte og jobbar som heltar, det er åtte og ein halv vanleg skuledag att før eksamen... så det kan hende det blir litt færre innlegg her fram til karaktersettinga den 10 mai;)

Her er to bilde frå det vi gjorde siste veka, som vi egentlig skulle gjer heile permisjonen.. Sy og bake! Og fredagen var vi i Leiret på kafe og shopping heile dagen sammen med E og I, og vi var berre på syaktige butikkar - kjempekjekt!!


Ingen kommentarer: