01.08.2010

Mamma og E dag..

Idag ville M plutselig i barnehagen; "ej vil leike m alle vennane mine igjen pappa.." Og det forstend vi godt, sjølvom vi gjer ting kvar dag! Så pappa og storebror reiste på morgonen og det var ein skuffa lillebror som måtte være igjen heime! Men med berre ein unge heime kunne mamma fikse og ordne ltt!! Og før kl ti hadde vi bakt muffuns, nokon rare blåbærkaker som berre eg har likt hittil (;)), og laga litt rørt jordbærsyltetøy!! Og selvfølgeleg satt på dei obligatoriske tinga, vaskemaskin og oppvaskmaskin!




Sida det no gjeng ugjennkalleleg mot haust var det på tide å sjekke forrådet av ullgensera til gutta. Og eit kjapt blikk avgjorde at dei har det dei treng. Begynte berre på eit par votta til E, for å ha noko å gjere.. I tillegg er eg nesten ferdig med kjekkasgenserane, trur dei blir fine, mjuke og gode!




Det raude settet hadde eg når eg var lita, trur det var tante Dorthe som strikka det til meg.. Den blå genseren har og selbukse og sokkar og den strikka gamlenaboen til M når han var eitt år! Og den har passa lenge! Den var ekstragenser i barneh i fjor vinter!

E vente seg etterkvart til at storebror var i barneh og han pludra rundt for seg sjøl og koste seg. Og storebror var blid som ei sol når han kom heim!!

Ingen kommentarer: