28.01.2012

Familielaurdag:-D

Idag fekk vi endeleg rota oss til Hamar på bading! Og det er noko heile familien set pris på!
Vi stoppa på sport1 for å kjøpe stavar til storebror, og jammen vart det nye drikkeflasker på både smågutta og meg, håpar vi drikk endå meir vatn framover;-) og etter ein liten, litt lang ifølge store M, stopp på varmefag, der vi fekk litt hjelp med kakkelovnen endte vi tilslutt på ankern. Bada leeeenge, unga svøm som fiska både over og under vatn, og sklir og hoppar, hadde vi ein tur i badstu før isen i kafeen! Lurt med matboks i sekken då er ein klar for dessert med ein gong;-)
Etterpå bar det rett heim til pizza, laurdagsgodt og barnas supershow, o lykke!
No ladar unga og eg snart, oss, for i morga skal vi på ski i stavåsen mens pappa er på jobb, heldige vi!



Ingen kommentarer: