13.02.2012

Påblogga att!!

No var det verkeleg på tide med eit nytt innlegg!!! Og no har eg tilogmed vorte eit år eldre - HURRA! Kjenner eg er litt trøytt idag så eg nærmar meg vel tida då eg må søve middagskvil;) Nei då trur eg heller eg tek ein middagsskitur!!

Helga har vore flott med kaker av alle slag! Det starta allereie torsdag med nygivkurs på Hamar - det var verkeleg bra og maten var endå betre!

Fredag var det duka for fest bokstavleg tala - denne duken viste!!

Og damene matcha både kvarandre og duken!! Det vart ein kjempeflott fest! Med eit fantastisk thaitapasbord!!  Takk!

 Eg sørga for desse - cakepops, saman med franske makronar og eggelikør. Ja vi fekk i oss kvota vår! Og Trysilmammaen hadde bakt ei nyyyyyydeleg sjokoladekakedrøm, vi åt det siste til dessert idag!


 Men laurdagen vart tilbrakt saman med smågutta, husbond var på jobb, så vi koste oss. Bakte snurrar og skulebrød - det gjekk ned på høgkant, endå eg hadde lurt inn både rugmjøl og havregryn - haha!
Men på kvelden då gjekk lufta ut og eg benka meg foran TVen i godesofaen med alt dette gode lesestoffet. Trur ikkje eg var mykje sosial den kvelden, såg berre opp for å konstatere at Plumbo ikkje vant GP - hurra for det og!

Søndagen fekk vi litt meir kaffegjester i tilegg til at Trysilmammaen hadde sove her heile helga så vi fekk ein lang og god kjøkkenprat før ho måtte reise. Gutta var ute på ski - dei er ikkje vanskelege å be! Det var no mammadag på søndag og vi hadde planlagt middag og kamp i Terningen, men med feber på mini og ein sliten storebror åt vi tapasrestar - nydeleg - og leika resten av kvelden. Veldig deilig det og!

Så idag har eg og mini vore heime, vi har stortsett vaska og lagt saman kle, i tillegg til å bygge togbane og flexitrax - ein god dag! Sjølv uten strikk...
Her er forresten eit lite knippe av gåvene, i tillegg til gåvekort på sport1 frå guta som saman med pengar frå svigermor skal bli nye ski - EG GLEDAR MEG! Fekk og gåvekort på Ett bringebær - det er stas!

 No er eg klar for senga. Husbond må truleg vere heime med mini i morgo, eg skal til Oslo på kurs og skal sitte på med naboane fem over halv sju... Men alt - heilt ned til frukt og vatn - er pakka og klea lligg klare på badet. Det blir ein lang men lærerik dag i Oslo!

Ingen kommentarer: