06.07.2012

For ein deileg dag:-)

Det har ikkje vore supersol, men veldig varmt! Gutta har hatt besøk av ein kompis og dei har vore særs aktive! ;-) så då vart det lite arbeidsro på gartnermammaen, men eg har fått skamklipt ei rogn og smårydda litt. Og idet vi satte igang vaffelpressa kom favorittmammaen og magen syklande. Det vart ein god skravlings med diverse "mamma kan du finne, mamma kan vi få.. Osv":-D
Midt på dagen fekk eg og levering av hønsemøkk, så det blir ein ny erfaring. 6 klasse på Lillemoen sel det til inntekt for klassekassa. Dei har pakka det i potetsekkar og designa label, kjempelurt!!
Så etter ein god laksemiddag med is og jordbær etterpå tok husbond ansvar for unga og i nesten fire timar no har eg ordna! Planta i alle krukker, men trur eg har plass til fleire, lagt på ny jord i bedet, dekkbark under syrinane, sortert og rydda leiker og tilslutt vatna! Så no er det helg:-D
Forresten, igår kveld bada eg i Stavåsdammen kl ni:-D








1 kommentar:

IselinS sa...

For ei Dame&Mamma&Husmor du er !!!