31.07.2012

The art of doing nothing...

Det er vi flinke til, eg og gutta!! Siste ferieveka deira, og det betyr null stress!! Eg har lova inga klokke, mykje is og bading om sol:-D idag har det vore solregnsologtorden, men ikkje så verst likevel!! Vi har vore på biblioteket, på kafé, på brukthandel, på Kremmeren og kjøpt barnehagestartkle, og ikkje minst, mata høner og katter i Hernes! Ein fin fin dag med andre ord.
Sidan husbond jobbar overtid kvar dag gløymer vi klokka til middag og! Derfor vart det sein middag, til barnetv, men då var alle svoltne etter tre timer med hagearbeid! Kjem bilder av hagen i morga;-)

Og mandagen, den flaut forbi i SOL og med ein kompis på besøk vart det leik, strikking, bading og kos i hagen, heile dagen!







Ingen kommentarer: