Vi har hatt flotte dagar i Vinje og Vikedal, men jammen er det godt å komme heim og:-D Turen heim gjekk fint, lilleE såg Emil sikker 4 gangar, og storebror leika førstemann å sjå med oss i framsetet;-) Dessuten kan vi Ludde utanat alle fire! Berre spør oss om den katalonske kjempegauken;-) Maten tok vi på Marche, der er det alltid fantastiskmat! Vart ikkje lange stoppen, alle ville heim!
Siste laurdagen i Vinje brukte vi godt for å rekke over alt.
Vi var på loppis med kafé med syskenbarn og Øyfjellbestis, og det vart nokre bra funn! Alt til den nette pris av 97 kroner! Prøvde meg på auksjon og, men det gjekk litt fort;-) Det var forresten snø der og, det var stas det!!!!
Etter besøksrundane var det pizza til ti hos Besta, og då var det to utslitte gutar som kosa seg med barnetv!
Fine fyrar<3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar