Vi merkar at gutane blir eldre, på mange områder, men særleg på middagen! No kan vi sitte i ro, det er ikkje kvar gong nokon søler og faktisk ha ein samtale. Avogtil et vi saman med to tøyseministre, slik som bilda viser, men ofte har vi gode samtaler, slik som denne:
Pappa: Kven skal du invitere i bursdagen din da M?
M: Hmmm.. K og J... Og.. M og M, og gutta i barnehagen..
Lillebror: Men jei da, M? Ska jei komme i bursda?
M: Klart du skal, du e jo lillebroren min!
Da måtte mamma og pappa kaste et blikk på kvarandre da! Det var gode ord under kvardagsmiddagen!