På veg til Vinje stoppar vi alltid ein stad rundt Oslo. Den gongen her stoppa vi i Oslo! Det var laurdag og nydeleg sol og vi har lenge hatt lyst på ein tur på operataket! Husbond var ein framifrå sjåfør og tok oss med rett inn til Oslo S, næraste parkeringa. Og vi var verkeleg turistar!! Tok mange bilde, kjøpte vaflar og kosa oss eit par timar før turen gjekk vidare. Etterkvart vart veiane telemarkske og stemninga i bilen sank, men vi kom fram:-D
Viser innlegg med etiketten Ut på tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ut på tur. Vis alle innlegg
09.10.2012
10.06.2012
Middelalderfestival
Idag dura vi i veg mot Hamar og Ankerskogen, fordi lillebror hadde fått bading i premie for han har slutta med flaske. ( flaska sendte han til kaptein Sabeltann og fekk att eit brev, men det er ei anna historie;-)) Uansett, på veg til H fann eg ut at A va stengt fordi det var stevne der. O lykke meinte eg;-) for på Domkirkeodden var det middelalderfestival!! Og for ei oppleving! Det var ingen sure miner for skifte av mål for her var det ridderar, prinsesser, god mat, gjøglerar, underhaldning og ikkje minst eit slag! Alt bada i sol og med menneske i ekte utstyr, berre sjå på bilda!
03.05.2012
Fantastiske flotte Stavåsen vår:)
Første mai var fantastisk iår!! Vi gjekk til Stavåsdammen, gutta for aller første gong - og dei var kjempeflinke. Det var så mykje kjekt å sjå på og snakke om i skogen - og på toppen venta eit vatn dei kunne kaste stein i! Blir ikkje "liten" i beina då - sitat lilleE :)
Det blir ikkje siste turen hit, rykta sei at det er eit flott badevatn og!
30.04.2012
17.04.2012
To for ein:)

Eg synast at Messa på Lillestrøm har gjort ein genistrek når dei har satt sammen to messer, Villmarksmessa og Hagemessa - litt for mor og litt for far:) Så vi hadde ein heil sundag inne i den store hallen, medan regnet slo mot vindua - deilig var det!! Det var mykje folk, men gutta var flinke og holdt handa;) Vi koste oss med klatring på ATVer, flotte klatrestativ, sjokoladeeting, masse inspirasjon til hagen - og nye bogs til gutta!! Dei var skikkeleg tøffe - og gode ifølge eigarane! Ein vellykka dag - og husbond fekk jobba litt!

Abonner på:
Kommentarer (Atom)