Idag har det vore ein rar dag... Gutta har vore heilt ville, berre springe rundt og kaste ting, rare greier.... Vi begynte derfor med perling, prøvde oss på nye lysestakar og ei klokke, men perlene ville ikkje smelte, sikkert fordi vi kjøpte dei brukt på loppis;-)
Etterpå skulle vi på Kremmeren og Europris, men med så mange lopper utgjekk det! Så då vart det tur i skogen. Med fullt regnuhyre var vi klare, litt kjeks, prim og vatn til ein rast og. Vi gjekk seint, eg hadde med tekoppen og gutta fekk velge sti og gå så fort dei ville. Det vart tilslutt blåbær i koppen, og i magen;-) Etter rasten vart det regn, og då vart det ufyseleg i skogen.
Godt å komme heim og etter ein matehønersvipp til Hernes vart det berre tid til middag, dessert og barnetv før kvelden. Og det gjeng mot normale tilstander med sovande gutar kl åtte.
Kvardagen er god<3