Så var det endeleg laurdag, guta ser på barnetv og husbond slumresøv. Snart er det full fart med frokost, leiking og etterkvart ein tur ut med ski og akebrett. Er mildt ute og då kan ein ikkje vere inne på turning - då må vi ut! Ut stoveglaset ser eg ein raud himmel der sola er på vei opp og lovar ein fin dag. Dette er siste helga det ikkje er noko planlagt på lenge så den skal nytast. Men før det er det morgonstund, med te i pipkoppen, nytt Rom123 og mamma sine hardevafle med brunost! Deilig!!
Ps - sjå dei nye knallrosa putene eg kjøpte på salg igår - rosa gjer meg glad!
Det her er ein typisk helgeaktivitet tidleg på morgon - duploby - kjempekjekt!
Ha ein fantastisk dag - og helg!
13.01.2012
12.01.2012
Kvardagsmiddag
Vi merkar at gutane blir eldre, på mange områder, men særleg på middagen! No kan vi sitte i ro, det er ikkje kvar gong nokon søler og faktisk ha ein samtale. Avogtil et vi saman med to tøyseministre, slik som bilda viser, men ofte har vi gode samtaler, slik som denne:
Pappa: Kven skal du invitere i bursdagen din da M?
M: Hmmm.. K og J... Og.. M og M, og gutta i barnehagen..
Lillebror: Men jei da, M? Ska jei komme i bursda?
M: Klart du skal, du e jo lillebroren min!
Da måtte mamma og pappa kaste et blikk på kvarandre da! Det var gode ord under kvardagsmiddagen!
Pappa: Kven skal du invitere i bursdagen din da M?
M: Hmmm.. K og J... Og.. M og M, og gutta i barnehagen..
Lillebror: Men jei da, M? Ska jei komme i bursda?
M: Klart du skal, du e jo lillebroren min!
Da måtte mamma og pappa kaste et blikk på kvarandre da! Det var gode ord under kvardagsmiddagen!
Just another perfect day...
Jepp - ein flott tur på ski idag og! Og samtidig ein god samtale med favorittfamiliemammaen, det likar vi! Det gir energi til kropp og sjel.
Når eg i tillegg har fått lese ein god bit nynorsk - korleis undervise, sagt mitt på nettdiskusjonen og ordna fisk til middag - då er dagen heilt flott!!
No vert det litt skiskyting i bakgrunnen mens eg prøvar meg på ei jakke til ei lita frøken som er heilt ny i verda - velkommen til familien lille A!
Ha ein flott torsdag, det skal eg! Ingen av gutane har aktivitet i kveld og husbond har heller ingen planar - men ein skitur - det skal han få!!
10.01.2012
Eg er priviligert eg!
Tenk å kunne gå på ski i sola midt på dagen på ein tirsdag:) Eg tok på skia rett utafor huset og gjekk opp i trikkeskinnespor! Så fantastisk med studiedagar. Så måtte eg studere på kvelden, og la strikketøyet ligge - men det var heilt greit!
Så når eg henta lille E og store M to timar tidlegare i barnehagen fekk vi tilogmed tid til å lage skispor i hagen! Det likar eg!!
Skitur gir overskudd og dermed vafler til kvelds:) Med havregryn og honning!!
Ha ein fantastisk onsdag!! Eg skal sparke heim, og har fått fri fra langøkta idag - det blir ferdig middag til gutta!
Tenk å kunne gå på ski i sola midt på dagen på ein tirsdag:) Eg tok på skia rett utafor huset og gjekk opp i trikkeskinnespor! Så fantastisk med studiedagar. Så måtte eg studere på kvelden, og la strikketøyet ligge - men det var heilt greit!
Så når eg henta lille E og store M to timar tidlegare i barnehagen fekk vi tilogmed tid til å lage skispor i hagen! Det likar eg!!
Skitur gir overskudd og dermed vafler til kvelds:) Med havregryn og honning!!
Ha ein fantastisk onsdag!! Eg skal sparke heim, og har fått fri fra langøkta idag - det blir ferdig middag til gutta!
Året som har gått!!
![]() |
| Marius vart 4 år! |
![]() |
| Det var flotte akeforhold på skula! |
![]() |
| Den nye hallen opna, hit kjem vi ofte! |
![]() |
| Vi hadde den obligatoriske sykkylvsturen i vinterferien. |
![]() |
| Årets mest fantastiske - VM med gull til Therese! |
![]() |
| Små birkebeinarar!! |
![]() |
| Eirik var innlagt med RSvirus - igjen! |
![]() |
| Og pappa gjekk Birken!! |
![]() |
| Litt isfiske på tampen av vinteren, var kaldt til det plutseleg vart vår. |
![]() |
| I løpet av året har vi vore med på nokre trivelege matpakketurar med BTL |
![]() |
| Besøk frå Sykk, Mimmi, Hannah og Majlen |
![]() |
| Slik såg det ut i påska iår! |
![]() |
| 17 mai på vanleg vis:) |
![]() |
| Vi fekk oss ein kjærastetur til Stockholm fordi Astridbesta steppa inn!! Takk! |
![]() |
| Mange flotte treff med gode vener! Her med finefamilien som bur på Hanstad! Og besøk frå Krogstadelva. |
![]() |
| Konfirmasjon i Vinje - flotte jenter! Ja, dei er like fine inni;) |
![]() |
| Amadeusparken sammen med favorittfamilien! |
![]() |
| Lillebror 2 år!! |
![]() |
| Gutta sykla Tour of Norway for Kids - stor stas! |
![]() |
| Sommeren var ganske så våt... |
![]() |
| Men ferien i Sverige og Danmark var flott!! |
![]() |
| Og Sagis med Sykkylvsbesøk i august. |
![]() |
| Elverumsdagane - jentene fekk svidd av nokre lappar! |
![]() |
| Mamma gjekk Trysilrypa i september! |
![]() |
| Det var ein fin haust! |
![]() |
| På besøk i Krokstadelva - stooor stas! |
![]() |
| Haustferie i Vinje - as usual;) |
![]() |
| YESS!! Mamma sprang KKhalvmila - så kjekt! |
![]() |
| For eit flott år - og enda manglar det eit par månader! |

Møte med Cecilia Samartin!
I haust var eg så heldig at eg fekk bli med Kamille og møte Cecilia Samartin, det var flott!! Vi åt lunsj på ein ærverdig gammel restaurant og samtalen flaut lett over bordet. Vi var fem damer og ei dotter som hadde mange spørsmål!! Litt starstrucke i starten riktignok, men det gjekk brått over! Cecilia var ei flott dame, og ho hadde mange historier å fortelle.Så ja - det er sant det eg skreiv til Kamille: Eg er sjalu på dei som enda ikkje har lese bøkene hennar, for dei har så mykje i vente!!
GODT NYTT ÅR!
Nytt år og nye moglegheiter som det så fint heiter... (Hmmm.. poetisk;))
Så no prøvar eg meg på ein ny bloggerunde, litt tid innimellom studiane og ein snarvei frå bilda gjer at det ser litt enklare ut!
Velkommen innom!!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)





























