10.01.2012

Møte med Cecilia Samartin!

 
Posted by PicasaI haust var eg så heldig at eg fekk bli med Kamille og møte Cecilia Samartin, det var flott!! Vi åt lunsj på ein ærverdig gammel restaurant og samtalen flaut lett over bordet. Vi var fem damer og ei dotter som hadde mange spørsmål!! Litt starstrucke i starten riktignok, men det gjekk brått over! Cecilia var ei flott dame, og ho hadde mange historier å fortelle.
Så ja - det er sant det eg skreiv til Kamille: Eg er sjalu på dei som enda ikkje har lese bøkene hennar, for dei har så mykje i vente!!

GODT NYTT ÅR!

Nytt år og nye moglegheiter som det så fint heiter... (Hmmm.. poetisk;)) Så no prøvar eg meg på ein ny bloggerunde, litt tid innimellom studiane og ein snarvei frå bilda gjer at det ser litt enklare ut! Velkommen innom!!

05.08.2010

Eg velger meg august..

Litt funderingar her ein roleg torsdagsmorgon..

august er den perfekte månaden! Hagen er "full" av ting vi kan hauste, blomkarsene lyser så fint i oransje og gult og margitten struttar!! Det er så deilig på kvelden med skarp kveldsluft som luktar haust. Vi har hatt ein flott sommer iår, men lite regn og ikkje altfor varmt for oss som ikkje har tid til å slikke sol eller sitte roleg i skyggen. Ein får litt ekstra piff til å rydde opp i det gamle, kjøpe nye bøker som skal fyllast med avtalar og artige ting!

Og i tillegg har vi det ekstra fullt i Elverum iår - med landsskyttere, jegere og festspillere - livat!!

No ligg hauststrikketøyet klart, ein flettebolero til meg sjøl, og skapet er fullt av stearinlys! Kom koselege haust, med klare soldagar, bær i skogen, stearinlys, kakao, strikketøy og nye blanke ark!

Barnehagetid!!

Endeleg var den store dagen her.. Lillebror begynn å bli stor og storebror gledde seg veldig til at dei skulle reise ilag til barnehagen! Han ville at M og E skulle ha samme kle, for M og E er bestevenna - det sei han fleire ganga for dag! Og mor var ikkje vond å be! Tøffe gutar!!





Første dagen var eg der heile tida, og han gjorde seg litt kjent her og der. Allerede andre dagen skulle eg gå ein tur, skummelt og rart for begge.. Han gråt veldig, men dei fekk både skifte bleie og lagt han, så då var det ikkje så ille! Onsdag var vanleg dag, berre litt kortere. Leverte til frokost kl åtte og henta han igjen kl tolv. Da hadde han sove og ete litt lunsj! Vart oppdatert av damene på avdelinga heile dagen - fekk tilogmed bilde! Koseleg! Storebror var kjempeflink - han berre vinka når vi gjekk og sa vi kunne hente han til frukt!

Og idag utvidar vi med enda ein time og etterpå skal vi til Trysil på bursdag!

01.08.2010

Mamma og E dag..

Idag ville M plutselig i barnehagen; "ej vil leike m alle vennane mine igjen pappa.." Og det forstend vi godt, sjølvom vi gjer ting kvar dag! Så pappa og storebror reiste på morgonen og det var ein skuffa lillebror som måtte være igjen heime! Men med berre ein unge heime kunne mamma fikse og ordne ltt!! Og før kl ti hadde vi bakt muffuns, nokon rare blåbærkaker som berre eg har likt hittil (;)), og laga litt rørt jordbærsyltetøy!! Og selvfølgeleg satt på dei obligatoriske tinga, vaskemaskin og oppvaskmaskin!




Sida det no gjeng ugjennkalleleg mot haust var det på tide å sjekke forrådet av ullgensera til gutta. Og eit kjapt blikk avgjorde at dei har det dei treng. Begynte berre på eit par votta til E, for å ha noko å gjere.. I tillegg er eg nesten ferdig med kjekkasgenserane, trur dei blir fine, mjuke og gode!




Det raude settet hadde eg når eg var lita, trur det var tante Dorthe som strikka det til meg.. Den blå genseren har og selbukse og sokkar og den strikka gamlenaboen til M når han var eitt år! Og den har passa lenge! Den var ekstragenser i barneh i fjor vinter!

E vente seg etterkvart til at storebror var i barneh og han pludra rundt for seg sjøl og koste seg. Og storebror var blid som ei sol når han kom heim!!

25.07.2010

Og idag gjekk turen i blåbærskog!!




Amadeusparken!

Helgas tur gjekk til Amadeus parken i Stange. Fin park midt i skogen som gjer at den virkar både stor nok g liten og intim, og med eit kjempeflott leikeanlegg med grillar og benkar! Sol heile dagen ;)