21.02.2012

Puh...

Med det bildet her av ein lykkeleg femåring på kino, Løvenes konge, i 3D, tek eg kvelden saman med eit nytt blad! (Stor oppleving;-)) vi har hatt ei super feiring med 10 apekattar! Slitsomt og kjekt!


19.02.2012

Fastelaven!!

Gutane bakar bollar i pysjen;-) vi droppa krem for det vart berre rot sa storeM! Men vi putta i sjokoladebitar og bollane vart skikkeleg gode! Vi har hatt ei kjekk helg, og alle bilda kjem i morgon. Idag vart det tidleg kveld på alle;-)


16.02.2012

Nestenlørdagtorsdag;-)

Idag har det vore ein roleg dag etter to fulle kursdagar! Lille E var feberfri, og var heime med meg og Besta. Eg fekk gå meg ein skitur etter ein lang loven morgon, og etter lunsj forta vi oss for å hente storebror. Men han ville ikkje bli med;-) han hadde akkurat fått på skia og måtte gå litt, så då gjekk vi på biblioteket og ett bringebær, og henta han ein time seinare:-D og etter kafé og leikebutikkhandling, trur alt er klart til bursdag no, vart det ein roleg heimekveld! Bakte kake med 40 seigemenn som skal mette alle dei 37 ungane.. Puh, det er mange på ei avdeling, og då bli det eiendel kakebursdagsfeiringar og... Men det er nok ein tapt kamp;-)
No er det berre ein dag att, så vinterferie!!!




14.02.2012

Kurs i Oslo!

Idag var det første av tre kursdagar i tigerstaden, dei to neste er i april og mars. Så då vart det ingen skitur idag, men eit lærerikt kurs om lese og læringsstrategier! Og medan vi venta på ekspressen, eg og ein fin kollega, vart det litt shopping;-) det vart rosa silketøfler til ein tjuekroning på indiska. Alltid noko på indiska;-) så no skal eg prinsesse meg rundt i huset og vente på den ordentlege våren med ekte ballerinas!! Men i morga er eg klar for forelesning på høgskula, alt ein skal lære altså!


13.02.2012

Påblogga att!!

No var det verkeleg på tide med eit nytt innlegg!!! Og no har eg tilogmed vorte eit år eldre - HURRA! Kjenner eg er litt trøytt idag så eg nærmar meg vel tida då eg må søve middagskvil;) Nei då trur eg heller eg tek ein middagsskitur!!

Helga har vore flott med kaker av alle slag! Det starta allereie torsdag med nygivkurs på Hamar - det var verkeleg bra og maten var endå betre!

Fredag var det duka for fest bokstavleg tala - denne duken viste!!

Og damene matcha både kvarandre og duken!! Det vart ein kjempeflott fest! Med eit fantastisk thaitapasbord!!  Takk!

 Eg sørga for desse - cakepops, saman med franske makronar og eggelikør. Ja vi fekk i oss kvota vår! Og Trysilmammaen hadde bakt ei nyyyyyydeleg sjokoladekakedrøm, vi åt det siste til dessert idag!


 Men laurdagen vart tilbrakt saman med smågutta, husbond var på jobb, så vi koste oss. Bakte snurrar og skulebrød - det gjekk ned på høgkant, endå eg hadde lurt inn både rugmjøl og havregryn - haha!
Men på kvelden då gjekk lufta ut og eg benka meg foran TVen i godesofaen med alt dette gode lesestoffet. Trur ikkje eg var mykje sosial den kvelden, såg berre opp for å konstatere at Plumbo ikkje vant GP - hurra for det og!

Søndagen fekk vi litt meir kaffegjester i tilegg til at Trysilmammaen hadde sove her heile helga så vi fekk ein lang og god kjøkkenprat før ho måtte reise. Gutta var ute på ski - dei er ikkje vanskelege å be! Det var no mammadag på søndag og vi hadde planlagt middag og kamp i Terningen, men med feber på mini og ein sliten storebror åt vi tapasrestar - nydeleg - og leika resten av kvelden. Veldig deilig det og!

Så idag har eg og mini vore heime, vi har stortsett vaska og lagt saman kle, i tillegg til å bygge togbane og flexitrax - ein god dag! Sjølv uten strikk...
Her er forresten eit lite knippe av gåvene, i tillegg til gåvekort på sport1 frå guta som saman med pengar frå svigermor skal bli nye ski - EG GLEDAR MEG! Fekk og gåvekort på Ett bringebær - det er stas!

 No er eg klar for senga. Husbond må truleg vere heime med mini i morgo, eg skal til Oslo på kurs og skal sitte på med naboane fem over halv sju... Men alt - heilt ned til frukt og vatn - er pakka og klea lligg klare på badet. Det blir ein lang men lærerik dag i Oslo!

08.02.2012

Seier!!!

I går var eg på handballkamp, det var skikkeleg spanande! Låg under heilt til midten av andre, og der fra vart det jamnt, men heldigvis! 28 - 26!!

Idag skal eg på kurs, ny giv, blir heilt klart godt å få input! No, havregraut:-) fin dag!


07.02.2012

Tysdagsdikt:-D

Når klokka er ti og eg kan gå på ski,
Ja då er det ikkje rart eg blir blid!
Og no klokka tolv er det lunsj og bok
- Då må eg vel bli klok....

Ha ein fantastisk dag alle sammen!