03.02.2012

28 kalde!!

Idag tidleg var det 28 kalde.. Då var det kjedeleg å reise utav huset og på jobb, men bra det ikkje var ein studiedag, då måtte eg ha droppa skiturane...
Men igår var det ikkje så kaldt, men sola var begynt å komme så skituren var nyyyydeleg!! Gjekk den sammen med fru S, det var eit godt turfølge - så det gjer eg gjerne att! Vi gjekk mot Ørtjern, ikkje heilt opp for eg hadde lova å hente gutta tidleg - og jentene i favorittfamilien!! Fire unga heim frå barnehagen - null problem! Og då bar det rett til dei i det nye fine huset i skogkanten. Eg og ffmammaen (favorittfamiliemammaen) satt i sofaen med kaffe, strikk og skiskyting mens unga lekte så bra i kjelleren, då merka vi at unga er blitt større!! Lille E var oppe med jamne mellomrom for å sjekke at mamma ikkje hadde sneket seg ut bakveien;) Gromunge!



Slik såg det ut på veg nedatt! Fantastiske februar!

Forresten så kjem det ingen bilder frå tirsdagsturen, hadde ein flott skitur, men dårlige ski. Bakglatte og med dårlig gli.. No melder eg meg på smørekurs!! Og teknikkkurs.. og kjøper nye ski:)

Forresten så har eg fått bursdagspenger, og då vart det nytt golvteppe - sjå kor fint det vart Mammami!!


Og med bilde av ein liten fin vårblom som nektar å dø, ønsker eg alle ei fin helg!! I helga er det barnas dag på museet, og vi gler oss og pakkar ski, pølser, ull og ekstra vottar!! Og strikk;)


Ingen kommentarer: