04.02.2012

God morgen:-D

Idag er det rolig søndag att. Synes dei kjem tett som haggel, det betyr vel at tida flyr:-) igår var det ein fin fin laurdag! Det aller beste var at det kom ein mann og ordna kakkelovnen, det er godt når det held seg rundt 20 minus.
Eg og gutta var på turn, alltid kjekt. Og når vi kom heim vart det mykje besøk. Av godingane frå Gaarderløkka og mammaen deira, og av bestekompis M. Gutta leika så fint med togbane og bila.
Idag skal vi på barnas utedag, det blir kjekt. Er no pappa sitt arrangement! Vi har pakka sekken med varme kle, tørre votta og pølse på termos. Skia er og med og gutta gler seg til kuleløypa! Men før det skal vi fyre, male litt og sjå barnetv og vente til at det blir litt mildere, no er det 21 minus.
God søndag, godtfolk<3




Ingen kommentarer: