24.02.2012

Ikkje heilt som planlagt..

Dagen vart ikkje heilt som vi hadde planlagt, sola gjorde sitt og begynte med ein knall raud himmel, men nesten før vi fekk begynt å gle oss spydde LilleE. Så då var det berre å senke tempoet! Men for ein fin dag det vart! Roleg og lang morgon med bok og legobygging, mamma fekk strikka litt, pappa lest litt avis, null stress! Etter lunsj gjekk dei store gutta ut, og lillebror sovna i senga si. Det vart tilogmed tid til å vaske vindu, utruleg kva ein ser når ein er heime på dagtid.... Og etter eit par timar var vi opplada alle mann. Gutta hadde gått 5(!) km på ski!! Flinke storebror!!! Mor fekk lagt inn bilder og blogga og far fekk seg ein ekstra time ute på ski i sola. Imorga er det sikkert min tur!
Og eg og gutta lagde kjempefine godteriskåler, dei må fyllast i morgo:-)
No har vi avslutta med taco og barnetv og kryssar fingre for ei roleg natt...




Ingen kommentarer: