Vi er heldige som har Stavåsen rett utafor stovedøra. Vi tok på skia i hagen og tusla ut i skogen med mykje godt i sekken!! Og det var bra, for det vart ein lang dag. Først gjekk vi ein lang (i småbeinmålestokk) skitur og åt lunsjen vår i sola. Rakk å ete brødskiva og drikke smoothien før LilleE var klar att! Han skulle på stadion og hoppe på ski! Og ned dit var det nesten berre bakkar med ein ordentleg flott utforbakke tilslutt, og oppover, men det gjekk bra! Dei har blitt gode på fiskebein!
På stadion var det mange ungar allereie og med det skarpe føret så gjekk det unna med kjelkane. Ein blir fort svolten ute på ski og då var det godt vi hadde ved og pølser. Så dagens middag tok vi og ute :) Ikkje før klokka var fire begynte vi å snakke om heimatt, og etter det var det mange "berre ein siste tur.." før vi begynte å gå... Heimattturen baud på litt utfordringar, men med kjelkar og sterke foreldre gjeng alt bra.. Og litt smågodt:) Klokka fem var vi heime att, vi gjekk ut klokka ti, var aldri meir enn 20 min i voksentempo frå huset, då kan ein snakke om flotte nærområder!! No må vi berre prøve å få til ein dugnad på brua så mammaen ikkje blir så engsteleg!!!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar