05.03.2012

Ei fluge i vinduskarmen..

På fredag, når det vart heimedag på meg og LilleE, oppdaga han ei fluge i vinduskarmen :) Han vart heilt frå seg fordi den var inne, vi måtte sleppe ho ut! Det var sol ute, men eg trur ikkje ho hadde overlevd.. Men då var det på tide å fortelle han at no kom våren - med fluga??!! nei, med sola! Og det er deilig! Det er meldt snø om eit par dagar, men det gjer ingenting. Alt blir berre kvitt og fint då, og det tinar før sommaren uansett. Men det er lykke, å sitte på trappa og kjenne sola varme!

Lykke er og å gå i to tima og trekvarter på ski i nydeleg sol, med grøne grantre og knallblå himmel, sjølvom eg egentleg skulle ha lest.. Men som mi gode turvenninne sa: Det er aldri feil å gå på ski - så då gjorde vi det! Og med det skarpe føret var det kjekt nedatt, tilogmed så kjekt at det var verdt to tima oppover - hengande på stavane! E - eg gjer det gjerne igjen!!!

I helga vart begge gutta sjuke, så det vart ikkje skileik og pinnebrød med sjokolade. Men det vart ein flott tur med vogna på laurdag, etter ein lang pysjmorgo, då var dei berre pjuske, uten feber. Og på søndagen vart det ein veldig bra dag. Det var roleg inneleik, vi var på kjøretur og sa hadet til frøkna frå Krokstadelva, og henta fleire kasser og posar med bøker og spel fra Heggebærvn, dei skal flytte og vi er så heldige å arve!! Det var eit skattkammer!! Vi koste oss på ettermiddagen med spel, og StoreM fekk besøk av kompisV, det var kjekt!

Deilig å ha god tid når ein er på rusletur til å prøve alle brøytekantar;)

Når ein er sjuk er det godt med vafler og smoothies til lunsj!!

Mammaen fekk tilogmed tid til strikk, det her blir noko påskeaktig!!

LilleE vart veeeeeldig frisk utover dagen og måtte tøyse litt ;)

Litt matte i blikket med onepiece, ulltøfla og vannflaske..

Ingen kommentarer: