02.03.2012

Frampeik:-D


Idag har det vore ein innedag på meg og mini.. Han hadde feberkinn og lite ork, og mor hadde mykje ho skulle ha gjort. Men, han var med på jobb og fekk ordna litt, resten får vi ta søndagen når husbond har kome heim! Men vi fekk flott besøk av superjenta frå Drammen og mammaen og pappaen!! Det var stas for både liten og stor<3
Ute skein sola heilt nydeleg så vi håpar han er feberfri i allefall søndag!!
Storebror såg vi knapt idag. Vi fekk beskjed om ikkje å hente tidlig, dei skulle på tur og dessuten var det så fint ver.. Så han rakk akkurat å ete pannekaker og bytte om før han for i jentebursdag:-D bestevenneninne J blei seks år idag!! Men han hadde kost seg sa han, til tross for to gutar og maaaange jenter:-D.
Rart igrunn, plukke han opp hjå ei jente ein fredagskveld;-)

Feberkinn..
Fine guten klar til bursdag :)

Ingen kommentarer: