09.04.2012

PÅSKEFERIEN VÅR!


 Første helga i påska vart vi inviterte til Vinjeveien til Å&T, og som vi koste oss!!

Det var ein ordentleg hytteferie med turar ute, på beina fordi det ikkje var så mykje snø att, og helst i trea - det var kjekkast for både store og små;)

Når vi kom opp laurdagen, ei natt første gongen slik at vi får komme att;), hadde dei ordna med påskeeggjakt for gutta. Skal seie det slo an! Dei hadde lagt ut tre egg, med godteri i alle tre! Stolte gutar som fann dei!

På ettermiddagen spelte vi spel, dinosaurlotto og hundespelet, gutta var i fullt fokus - og ja, dei vil gjerne på hytte att!!!









Resten av påska, frå tirsdagen var vi i Vinje med svigermor. Og både bygda og huset var pynta til påske etter alle kunstens reglar. Artig i Vinje, for dei heng opp store påskekyllingar av finer rundtomkring overalt. Tok ikkje bilde av dei desverre... Men dei skapar stemning! På veg til V stoppa vi berre ein gong, det var på Ikea! Kjekt, og ikkje min ide eingong. Vi kjøpte ikkje mykje, var ikkje plass til det - var vel det husbond visste.. Men vi kjøpte pcputer som gutta kan ha bak i bilen mens vi køyrer - og det var smart! Då fekk dei tegna, lest blad og bygd lego - det siste var egentleg ikkje så smart...             Vi hadde flotte dagar i Vinje, var ute i skogen kvar dag, det var ikkje snø her heller, men det var litt kald vind og med ein halvsjuk toåring vart det mykje inneleik og. Men det kom MYKJE besøk, favorittA var der kvar dag til frukost, gutta satt i vinduet med kikkert til ho kom! Vi e glad i deg - A!! Og storejentene var der og leika, bygde, las, kosa og herja - flotte dagar! Dei to yngste var og innom og Øyfjellsguten er det alltid stas å leike med!


Vi kom att fra ferien igår, det er godt med ein dag heime. Men idag snødde det!! Då hadde vi ikkje mykje lyst ut... På neste blogginnlegg kan du sjå kor vi havna!


Ingen kommentarer: