Viser innlegg med etiketten Helg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Helg. Vis alle innlegg

21.10.2012

Roleg gjer det sjøl helg!

Den helga her har bore preg av, gjer det sjøl... Treåringen skal gjer ALT sjøl(nei!!! Jei skulle tappe ned!!), femåringen vil helst ikkje gjer noko sjøl(eks, kan ikkje du berre rydde da?), mor får ikkje LOV å gjer noko sjøl (eks, ska du på do mamma?! Jei blir m å sitt bare her...), husbond, når han kom heim frå jakt, MÅTTE gjer alt sjøl (eks rake opp xantall sekker med lauv og rydde alle hagemøblane), og jammen, vi endte med å lage all maten sjøl- frå bunnen av!!!
Økta på kjøkkenet idag, med rettebunken like i nærleiken, endte med eit stk brød, peanøttsmør og bringebærsyltetøy, brødskiver med egg i midten, verdas beste squashlasagne, mørke sjokoladekjeks ooog i kjøleskapet står morgodagens middag, leirgryte med kylling og grønnsaker...

Fine helga, og ps, vaska nesten tomt for skitne kle og;-)









09.06.2012

Laurdagsmodus!

Idag var det ein roleg laurdag:-D Storebror var invitert i bursdag og vi hadde planlagd å fikse og ordne med berre ein på slep! Starta dagen med hårklipp- endeleg, han vart så svett under kapsen;-) og etter avlevering for vi på bileksplosjon på Grindalsmoen. Der vart der pølse, is og brus, konsert med fantastiske Bullet proof, det svingte! Og jammen, jada, det vart ny bil!!!! Ein fin touran med god plass! Flotte bilen! Så no blir det ny bil, med hengerfeste og nye bilstola til gutta!

Tilslutt spanderte lilleE ein helikoptertur på storebror, gode venna då.

No er det kveld i heimen, vi har rota litt i hagen idag og, kanskje det bør komme ein bildeserie i morgo?!? Men no er det strikk og em!



03.05.2012

Årets første grillings og sveler!

Årets første grillkalas var 1. mai, og det er ikkje verst! Vi satt tilogmed med lite kle på i sola! Deilig elg med gratinerte poteter og broccoligrateng var godt for både liten og stor!!





Litt hopping frå verandaen må til - er så mykje energi som skal ut, har berre gått nokre km... Nesten ei mil...



Og svelene - dei gjekk ned på høgkant - med svelegrepet!

30.04.2012

Trampoline!!







Det er verkeleg vår, ikkje meir snø no, trampolina er opp, og vi har besøk frå Tyskland - lykkehelg!!!

22.04.2012

Ei fin veke!

Den veka her har vært fine, og på torsdag stoppa vi tida litt ;)


LilleE skulle på prikktest og astmakontroll på sjukehuset, og eg fekk "lurt" med storeM og!  Og det var eit sjakktrekk for mini skulle ikkje opp på den stikkestolen! Men når storebror gjorde det først gjekk det riktig så bra. Dei var skikkelig flinke begge to, så det vanka premiar.

Etter å ha levert husbond på jobb og storeM i barnehagen drog eg og lillebror på Kremmern. Storebror fekk sjølvsagt og tilbudet, men han ville i barnehagen - men eg kunne hente han tidlig - ca halv to sa han;) Så då vart det caps, spaniatrøye og fleecejakke på gutta, og ein cardigan på mor... Og til huset - verdens finaste medisinboks! Frå kremmerhuset  - og der hadde dei maaaaange fleire fine boksar!!
Vel heime stekte vi vafler - familiefavoritten!! Og dei koste vi oss med på trappa - deilige vår.

Vi henta storeM tidlig - og bestekompisJ, det hadde dei gleda seg til lenge - trur aldri det har gått så fort å hente i barnehagen før;) Vi åt ute på verandaen når vi kom heim, og var ute fra to til barnetv - det var kjekt! NabojentaI kom og bort, dei gjeng i samme barnehage så leiken var i gang med ein gong - dei lo så dei datt av at dei klarte å lure lilleE til å susse ein mark! Eg sa ingenting, berre pusla i hagen - jordbæra frå ifjor - dei som aldri bar jordbær... SPIRER! og graslauken er på veg oppatt - jess! Eg har lagt bort alle planar om førplanting/såing inne. Vi skal bort i den mest sårbare tida, så då blir det ferdigplanter iår!























Laurdagen var sur med sludd og kald vind - eit lite tilbakeslag, kanskje Frang og abboren hans har rett om at det blir ein lang vår... Men etter ein tur i Leiret på turning og for å handle laurdagsgodt, lang lunsj som husbond hadde laga - han fekk sove lenge - og husrydding, var veret såpass at vi kledde på oss og for på fotballkamp - Elverum - Larvik. Arti - men det var nok mest fokus på pølser og sjokolade;)


Idag har vi vore på Akvariets dag. Passe mange folk og fine aktivitetar, men E ville springe og M ville tegne. Jaja - godt ein har gode vener så vi kan bytte på og alle fekk gjort det dei ville! Vi sykla begge veier og storebror var kjempeflink!!!!! Han prata og sykla som ein vind, og han bakpå - ja han kom litt bakpå og fekk ikkje sagt så mykje;) På heimturen gjekk storeM av hos ein kompis, pappa plukka han opp etter jobb og då bar det rett til Hernes på bursdag. Det var virkeleg kjekt!!! Blir så glad av nye venner!






No i kveld har eg starta på måleprosjektet i kjelleren - det kjem bilder etterkvart!!

God natt - og ha ei flott veke - den siste i april! og tilslutt - favoritten om dagen!!

17.04.2012

Besøk av fantetante

Is på Nilsen!

Tidleg morgonstund, lillebror lærer av storebror.


På laurdag fekk vi besøk av fantetante heilt frå Kongsvinger, det var fryktelig stas og store og små koooooste seg i det fine veret.

TAKK FOR BESØKET - HÅPAR DU KJEM ATT FORT!!

Utelunsj på verandaen - med aprikossyltetøy:)
Deilig med eit bad etter ein lang dag ute!



Laurdagsgodteri!!