29.06.2012

Badeland!

Idag var vi berre fire som ville ut på tur, og vi ville til badeland i Fuengirola. Tok taxi dit, vi sov til over ni alle mann så når vi var klare til å dra var det for varmt for buss;-) og det var ein flott park som anbefalast!! Etterpå kosa vi oss med middag på McDonalds, og ja, det er kos med leikande unga og nydelig is til dessert;-) og jammen vart det ikkje ein god bit med shopping idag og! Ved badelandet var det eit digert kompleks med ulike butikkar, feks Jysk;-) men vi fann ein stor sportsbutikk med ALT mulig. Og då vart det kle til mor og far og hjelmar og fotballar til gutta:-D perfekt! Butikkdama ringte etter taxi og den tok oss heilt heim, ein flott dag, igjen!







Ingen kommentarer: