Viser innlegg med etiketten spania. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten spania. Vis alle innlegg

04.07.2012

Heime att!

Så var vi endeleg heime att! Flyet landa ca halv tre, før det skulle faktisk, og gutta var fantastiske!! StoreM teikna ut ei heil bok trur eg, og lillebror var ivrig på padden. Vel framme vart det handla litt på taxfree, gødteri og godlukt:-D
Og når vi satte oss i bilen trudde unga at huset berre var ein taxitur unna.. Det var 25 laaaaaaange mil!! Men vi kom da heim tilslutt, og det var deilig! Hagen var kjempefin og eg gleda meg til litt ordnings i morgo.

No ska vi berre nyte hagelivet framover og alle er hjarteleg velkomne! Det blir både sveler, vafler og grilling i hagen- og mykje god kaffeB-)




03.07.2012

Den siste dagen...

Som vi har kosa oss her i Spania, i den lille flotte byen, Cala deMijas! Det har vore to fantastiske veker, og vi veit at vi skal tilbake hitB-)
Idag har vi vore ved bassenget, nydeleg! På stranda, ubeskriveleg idag! Og ete god treretters på El Gusto, maten er fantastisk, idag var ikkje servicen kjempebra, men det var den sist, så det var nok ein glipp ;-)








02.07.2012

StrandløverB-)

Gutta har verkeleg vore strandløver idag og har kosa seg skikkeleg! Dei bygde eit kjempefint slott saman med pappa, og som mange av unga som gjekk forbi sa: Mira! Un bueno castillo;-)
Middagen åt vi heime idag, fordi vi koste oss eit par timar i parken idag og, dei har verdas beste smoothie der- og kaffe!!
På kvelden gjekk eg meg ein tur opp i åsen bak her, nydeleg utsikt over La Cala Mijas og La Cala Hills!











Viva Espania!!

Opps;-) den her skulle blitt posta igår, men faila, vi prøver ein gong til!!

Idag har vi vært i storebassenget "vårt" der var det som vanleg roleg og deileg! Var og nede i sentrum for å ete pizza og kjenne på stemninga før kampen:-) kjempeartig!!
Og når seieren var eit faktum høyrde vi feiringa heilt opp til oss!!






30.06.2012

Den store blåsbortdagen!

Idag blåste det skikkeleg! Fønvind sjølvsagt;-) og gutta var kjempeivrige for dei skulle få surfebrett idag.. Veldig ivrige var dei, tok heilt av! Så vi pakka strandveskENE, jepp fleirtal, mykje utstyr! Og gjekk den lille kilometeren ned til stranda. Der blåste det endå friskare, men det var fole kjekt med store bølger, både for liten og stor.
Lunsjen idag var nydelege bocadillas på ein triveleg fortausrestaurant. Tilslutt handla vi laurdagsgodt og vatn og tok taxi oppatt. For under 50 kr turen er det heilt greitt!!
Og bretta, dei funka finfint i hagebassenget og, så vi blir nok der i morgo!









29.06.2012

Mammadag;-)

Idag gjekk alle fire gutta ned til leikeplassen og på butikken, så vi damene fekk vere att og sole oss:-D Eg hadde berre ca førti sider att av boka mi, så eg spurde fint om eg kunne bli heime- og det kunne eg sjølvsagt:-D Straks gutta hadde gått rigga eg meg til, og låg litt på magen og litt på ryggen! Men, tru alt berre renn av... Boka var fantastisk!! Perfekt sommerlesing!
Når gutta kom heim var det bading i bassenget i hagen før eg og StoreM kosa oss med Lynet2 og strikketøy:-D
Vi avslutta dagen, siste dagen for dei tre vinjbyggarane, med middag på flott restaurant, og unga- dei hadde med hjelm;-) på det eine bildet ser ein rett ned i den nydelege leikeparken, halvvegs til stranda.
Og forresten var eg litt flink og og kjøpte nokon bøker til spanskundervisning;-)












Badeland!

Idag var vi berre fire som ville ut på tur, og vi ville til badeland i Fuengirola. Tok taxi dit, vi sov til over ni alle mann så når vi var klare til å dra var det for varmt for buss;-) og det var ein flott park som anbefalast!! Etterpå kosa vi oss med middag på McDonalds, og ja, det er kos med leikande unga og nydelig is til dessert;-) og jammen vart det ikkje ein god bit med shopping idag og! Ved badelandet var det eit digert kompleks med ulike butikkar, feks Jysk;-) men vi fann ein stor sportsbutikk med ALT mulig. Og då vart det kle til mor og far og hjelmar og fotballar til gutta:-D perfekt! Butikkdama ringte etter taxi og den tok oss heilt heim, ein flott dag, igjen!