24.06.2012

Fine søndagen;)

Det vart nok ein bassengdag. Alle var i deilig søndagsmodus, gutta søv til åtte, og mor heilt til halv ti. Då berre stod eg opp, opna verandadøra og gjekk rett ut til dekka frokostbord, luksus:-D Det var ein roleg formiddag, eg begynte på ny bok, The tread, av Victoria Hislop, har ikkje sluppe den i heile dag, nydeleg bok. StoreM kosa seg med fargelegging i skyggen og LilleE ordna med ball og sparkesykkelen. Etter lunsj gjekk vi til favorittbassenget, og tenk- der var ingen! Det kom fleire etterkvart, men det var berre kjekt! Avslutta dagen med  bading innadørs, pastamiddag og barnetv. Og heilt tilslutt, nokon stille timar på verandaen med boka!







Ingen kommentarer: