09.06.2012

Laurdagsmodus!

Idag var det ein roleg laurdag:-D Storebror var invitert i bursdag og vi hadde planlagd å fikse og ordne med berre ein på slep! Starta dagen med hårklipp- endeleg, han vart så svett under kapsen;-) og etter avlevering for vi på bileksplosjon på Grindalsmoen. Der vart der pølse, is og brus, konsert med fantastiske Bullet proof, det svingte! Og jammen, jada, det vart ny bil!!!! Ein fin touran med god plass! Flotte bilen! Så no blir det ny bil, med hengerfeste og nye bilstola til gutta!

Tilslutt spanderte lilleE ein helikoptertur på storebror, gode venna då.

No er det kveld i heimen, vi har rota litt i hagen idag og, kanskje det bør komme ein bildeserie i morgo?!? Men no er det strikk og em!



Ingen kommentarer: