10.10.2012

Oldebestemor<3

Endeleg klaffa alt så vi fekk til ein tur over fjellet. Kombinasjonen effektiv jakt (5 elg på ei helg) og sol og godt føre over Haukelifjell var tydeleg bra. Så no har vi vore på overraskande besøk med gåve og popssjokolade:-D vi blir her i vakre V heilt til fredag så det blir eit par turar til. StoreM sperra opp augene når han såg ho, trudde ikkje det gjekk an å bli så gamal eg, mamma:-D Men dama er 97 år og heilt klar, og høyrer det ho vil, fine oldebestemor <3



09.10.2012

Turistar på Operaen:-D

På veg til Vinje stoppar vi alltid ein stad rundt Oslo. Den gongen her stoppa vi i Oslo! Det var laurdag og nydeleg sol og vi har lenge hatt lyst på ein tur på operataket! Husbond var ein framifrå sjåfør og tok oss med rett inn til Oslo S, næraste parkeringa. Og vi var verkeleg turistar!! Tok mange bilde, kjøpte vaflar og kosa oss eit par timar før turen gjekk vidare. Etterkvart vart veiane telemarkske og stemninga i bilen sank, men vi kom fram:-D







30.09.2012

Haustbesøk!!

Eg og Eirik har hatt ei fantastisk flott og roleg helg sammen med Janne og Embla i Krokstadelva. Mykje tid til skravlings, strikkings, leiking, kosing, shopping og lesing!! Det her gjer vi gjerne att:-D









05.09.2012

Hausthuer:-D

No har eg sydd mine første huer!! Artig og veldig fort gjort:-D skal prøve å knipse nokon blinkskudd med gut i hua i morgo!



21.08.2012

Haust og kreativitet!!

Lene gjer ting ho ikkje kan, og jammen blir det bra:-D ny stålampe av hekledukar, samla på loppis altså, besta sine ligg på bordet, og av stålampen til besten! Vart ein lysestake av ein tiloversduk og ei sandkakeform og, eller fleire faktisk;-) og den nye favoritten, brie med nykokt bringebær, mmmmmmm......
Fin kveld, symaskina ventar på meg, gutta skal få fleecekosebukse:-D





06.08.2012

Barnehagestart!!!

Gutta var superklare og gledde seg veldig til barnehage att! Og klea valgte dei heilt sjøl:-D tøffe gutta mine:-D


02.08.2012

Rare dagen...

Idag har det vore ein rar dag... Gutta har vore heilt ville, berre springe rundt og kaste ting, rare greier.... Vi begynte derfor med perling, prøvde oss på nye lysestakar og ei klokke, men perlene ville ikkje smelte, sikkert fordi vi kjøpte dei brukt på loppis;-)
Etterpå skulle vi på Kremmeren og Europris, men med så mange lopper utgjekk det! Så då vart det tur i skogen. Med fullt regnuhyre var vi klare, litt kjeks, prim og vatn til ein rast og. Vi gjekk seint, eg hadde med tekoppen og gutta fekk velge sti og gå så fort dei ville. Det vart tilslutt blåbær i koppen, og i magen;-) Etter rasten vart det regn, og då vart det ufyseleg i skogen.
Godt å komme heim og etter ein matehønersvipp til Hernes vart det berre tid til middag, dessert og barnetv før kvelden. Og det gjeng mot normale tilstander med sovande gutar kl åtte.

Kvardagen er god<3