30.04.2012
Trampoline!!
Det er verkeleg vår, ikkje meir snø no, trampolina er opp, og vi har besøk frå Tyskland - lykkehelg!!!
Bursdagstøflar - og lettvinte gåver!
Eg er ikkje veldig god på planlegging.. Derfor er det flott når ting gjeng fort! Så no har eg funne årets mest perfekte bursdagshelsing - hekla tøflar. I oppskrifta stod det hubro - frå dalegarn (?) ... Men eg har hekla dei i mykje forskjellig, men det beste - og det det blir fleire av er eskimo frå drops. To nøster med hovudfargen, og eit nøste av kantfargen, heklenål 8 og vips - ferdige tøflar!
Middagsgjestar!
Endeleg var det lilleE sin tur å ha besøk av ei god venninne frå barnehagen! Pizza er perfekt når det kjem gjestar - er ikkje mange som ikkje likar det - og fryktelig lettvint å berre putte i ovnen. To om gangen med varmluft! Og den deigen er fantastisk, om eg skal sei det sjølv! :)
Og besøket kjem nok til å bli invitert ofte - for det var kjekt!! Ingen ville avslutte leikinga, og det at ho hadde med mamma og storebror var ekstra bra!! Takk for besøket søteE - velkommen att!!
22.04.2012
Ei fin veke!
Den veka her har vært fine, og på torsdag stoppa vi tida litt ;)

LilleE skulle på prikktest og astmakontroll på sjukehuset, og eg fekk "lurt" med storeM og! Og det var eit sjakktrekk for mini skulle ikkje opp på den stikkestolen! Men når storebror gjorde det først gjekk det riktig så bra. Dei var skikkelig flinke begge to, så det vanka premiar.
Etter å ha levert husbond på jobb og storeM i barnehagen drog eg og lillebror på Kremmern. Storebror fekk sjølvsagt og tilbudet, men han ville i barnehagen - men eg kunne hente han tidlig - ca halv to sa han;) Så då vart det caps, spaniatrøye og fleecejakke på gutta, og ein cardigan på mor... Og til huset - verdens finaste medisinboks! Frå kremmerhuset - og der hadde dei maaaaange fleire fine boksar!!
Vel heime stekte vi vafler - familiefavoritten!! Og dei koste vi oss med på trappa - deilige vår.
Vi henta storeM tidlig - og bestekompisJ, det hadde dei gleda seg til lenge - trur aldri det har gått så fort å hente i barnehagen før;) Vi åt ute på verandaen når vi kom heim, og var ute fra to til barnetv - det var kjekt! NabojentaI kom og bort, dei gjeng i samme barnehage så leiken var i gang med ein gong - dei lo så dei datt av at dei klarte å lure lilleE til å susse ein mark! Eg sa ingenting, berre pusla i hagen - jordbæra frå ifjor - dei som aldri bar jordbær... SPIRER! og graslauken er på veg oppatt - jess! Eg har lagt bort alle planar om førplanting/såing inne. Vi skal bort i den mest sårbare tida, så då blir det ferdigplanter iår!

Laurdagen var sur med sludd og kald vind - eit lite tilbakeslag, kanskje Frang og abboren hans har rett om at det blir ein lang vår... Men etter ein tur i Leiret på turning og for å handle laurdagsgodt, lang lunsj som husbond hadde laga - han fekk sove lenge - og husrydding, var veret såpass at vi kledde på oss og for på fotballkamp - Elverum - Larvik. Arti - men det var nok mest fokus på pølser og sjokolade;)
Idag har vi vore på Akvariets dag. Passe mange folk og fine aktivitetar, men E ville springe og M ville tegne. Jaja - godt ein har gode vener så vi kan bytte på og alle fekk gjort det dei ville! Vi sykla begge veier og storebror var kjempeflink!!!!! Han prata og sykla som ein vind, og han bakpå - ja han kom litt bakpå og fekk ikkje sagt så mykje;) På heimturen gjekk storeM av hos ein kompis, pappa plukka han opp etter jobb og då bar det rett til Hernes på bursdag. Det var virkeleg kjekt!!! Blir så glad av nye venner!
No i kveld har eg starta på måleprosjektet i kjelleren - det kjem bilder etterkvart!!
God natt - og ha ei flott veke - den siste i april! og tilslutt - favoritten om dagen!!

17.04.2012
To for ein:)

Eg synast at Messa på Lillestrøm har gjort ein genistrek når dei har satt sammen to messer, Villmarksmessa og Hagemessa - litt for mor og litt for far:) Så vi hadde ein heil sundag inne i den store hallen, medan regnet slo mot vindua - deilig var det!! Det var mykje folk, men gutta var flinke og holdt handa;) Vi koste oss med klatring på ATVer, flotte klatrestativ, sjokoladeeting, masse inspirasjon til hagen - og nye bogs til gutta!! Dei var skikkeleg tøffe - og gode ifølge eigarane! Ein vellykka dag - og husbond fekk jobba litt!

Abonner på:
Kommentarer (Atom)