Idag blåste det skikkeleg! Fønvind sjølvsagt;-) og gutta var kjempeivrige for dei skulle få surfebrett idag.. Veldig ivrige var dei, tok heilt av! Så vi pakka strandveskENE, jepp fleirtal, mykje utstyr! Og gjekk den lille kilometeren ned til stranda. Der blåste det endå friskare, men det var fole kjekt med store bølger, både for liten og stor.
Lunsjen idag var nydelege bocadillas på ein triveleg fortausrestaurant. Tilslutt handla vi laurdagsgodt og vatn og tok taxi oppatt. For under 50 kr turen er det heilt greitt!!
Og bretta, dei funka finfint i hagebassenget og, så vi blir nok der i morgo!
30.06.2012
Den store blåsbortdagen!
29.06.2012
Mammadag;-)
Idag gjekk alle fire gutta ned til leikeplassen og på butikken, så vi damene fekk vere att og sole oss:-D Eg hadde berre ca førti sider att av boka mi, så eg spurde fint om eg kunne bli heime- og det kunne eg sjølvsagt:-D Straks gutta hadde gått rigga eg meg til, og låg litt på magen og litt på ryggen! Men, tru alt berre renn av... Boka var fantastisk!! Perfekt sommerlesing!
Når gutta kom heim var det bading i bassenget i hagen før eg og StoreM kosa oss med Lynet2 og strikketøy:-D
Vi avslutta dagen, siste dagen for dei tre vinjbyggarane, med middag på flott restaurant, og unga- dei hadde med hjelm;-) på det eine bildet ser ein rett ned i den nydelege leikeparken, halvvegs til stranda.
Og forresten var eg litt flink og og kjøpte nokon bøker til spanskundervisning;-)
Badeland!
Idag var vi berre fire som ville ut på tur, og vi ville til badeland i Fuengirola. Tok taxi dit, vi sov til over ni alle mann så når vi var klare til å dra var det for varmt for buss;-) og det var ein flott park som anbefalast!! Etterpå kosa vi oss med middag på McDonalds, og ja, det er kos med leikande unga og nydelig is til dessert;-) og jammen vart det ikkje ein god bit med shopping idag og! Ved badelandet var det eit digert kompleks med ulike butikkar, feks Jysk;-) men vi fann ein stor sportsbutikk med ALT mulig. Og då vart det kle til mor og far og hjelmar og fotballar til gutta:-D perfekt! Butikkdama ringte etter taxi og den tok oss heilt heim, ein flott dag, igjen!
27.06.2012
Ei veke igjen!
No har vi vore her i ei veke og vi har ei lang deilig veke att!! Og varmen stigB-) så idag var vi i bassenget igjen, med to utolmodige gutar, når du ser Lynet2 med symjebriller, då er du klar for eit bad!! Og idag bada tilogmed tante og onkel, så varmt var det!
Vi åt middag i byen idag, veldig god burger på ein kafé i hovudgata. Etterpå gjekk gutta heim og vi damene bedreiv litt shopping.. Ny kjole, og ei spaniaskjorte til husbonden.
No har vi avslutta kvelden med å henge opp det spanske flagget for å feire seieren over Portugal!!!!!
Viva Espana!!!
26.06.2012
Vamos a la playa!!
Herlig dag på badestranda. Blått flagg strand så det er heilt greit å bruke ein dag der:-D unga storkosa seg i vatnet og flaut på bølgene!
Og vi vaksne slappa av, bada og leika med ball med gutta!
Og dei eldste- dei nøyt roa i leilegheita!
25.06.2012
Bioparc Fuengirola!
Idag har vi vore i dyrepark, ikkje stort, men reint og fint! Akkurat passe for då vart det ein shoppingtur etterpå, på Miramar, eit kjempestort senter!
Vart nye joggesko på mor, motorsykla på gutta, og ingenting til far no heller... Hmmm... Det her må vi gjer noko m!!
24.06.2012
Fine søndagen;)
Det vart nok ein bassengdag. Alle var i deilig søndagsmodus, gutta søv til åtte, og mor heilt til halv ti. Då berre stod eg opp, opna verandadøra og gjekk rett ut til dekka frokostbord, luksus:-D Det var ein roleg formiddag, eg begynte på ny bok, The tread, av Victoria Hislop, har ikkje sluppe den i heile dag, nydeleg bok. StoreM kosa seg med fargelegging i skyggen og LilleE ordna med ball og sparkesykkelen. Etter lunsj gjekk vi til favorittbassenget, og tenk- der var ingen! Det kom fleire etterkvart, men det var berre kjekt! Avslutta dagen med bading innadørs, pastamiddag og barnetv. Og heilt tilslutt, nokon stille timar på verandaen med boka!