30.09.2012

Haustbesøk!!

Eg og Eirik har hatt ei fantastisk flott og roleg helg sammen med Janne og Embla i Krokstadelva. Mykje tid til skravlings, strikkings, leiking, kosing, shopping og lesing!! Det her gjer vi gjerne att:-D









05.09.2012

Hausthuer:-D

No har eg sydd mine første huer!! Artig og veldig fort gjort:-D skal prøve å knipse nokon blinkskudd med gut i hua i morgo!



21.08.2012

Haust og kreativitet!!

Lene gjer ting ho ikkje kan, og jammen blir det bra:-D ny stålampe av hekledukar, samla på loppis altså, besta sine ligg på bordet, og av stålampen til besten! Vart ein lysestake av ein tiloversduk og ei sandkakeform og, eller fleire faktisk;-) og den nye favoritten, brie med nykokt bringebær, mmmmmmm......
Fin kveld, symaskina ventar på meg, gutta skal få fleecekosebukse:-D





06.08.2012

Barnehagestart!!!

Gutta var superklare og gledde seg veldig til barnehage att! Og klea valgte dei heilt sjøl:-D tøffe gutta mine:-D


02.08.2012

Rare dagen...

Idag har det vore ein rar dag... Gutta har vore heilt ville, berre springe rundt og kaste ting, rare greier.... Vi begynte derfor med perling, prøvde oss på nye lysestakar og ei klokke, men perlene ville ikkje smelte, sikkert fordi vi kjøpte dei brukt på loppis;-)
Etterpå skulle vi på Kremmeren og Europris, men med så mange lopper utgjekk det! Så då vart det tur i skogen. Med fullt regnuhyre var vi klare, litt kjeks, prim og vatn til ein rast og. Vi gjekk seint, eg hadde med tekoppen og gutta fekk velge sti og gå så fort dei ville. Det vart tilslutt blåbær i koppen, og i magen;-) Etter rasten vart det regn, og då vart det ufyseleg i skogen.
Godt å komme heim og etter ein matehønersvipp til Hernes vart det berre tid til middag, dessert og barnetv før kvelden. Og det gjeng mot normale tilstander med sovande gutar kl åtte.

Kvardagen er god<3








31.07.2012

The art of doing nothing...

Det er vi flinke til, eg og gutta!! Siste ferieveka deira, og det betyr null stress!! Eg har lova inga klokke, mykje is og bading om sol:-D idag har det vore solregnsologtorden, men ikkje så verst likevel!! Vi har vore på biblioteket, på kafé, på brukthandel, på Kremmeren og kjøpt barnehagestartkle, og ikkje minst, mata høner og katter i Hernes! Ein fin fin dag med andre ord.
Sidan husbond jobbar overtid kvar dag gløymer vi klokka til middag og! Derfor vart det sein middag, til barnetv, men då var alle svoltne etter tre timer med hagearbeid! Kjem bilder av hagen i morga;-)

Og mandagen, den flaut forbi i SOL og med ein kompis på besøk vart det leik, strikking, bading og kos i hagen, heile dagen!







12.07.2012

Den rolige veka.

Den veka her er gutta i barnehagen, og dei storkosa seg! Der er berre tolv unga, så lillebror får vere med storebror på avdelinga, kjempestas:-D eg ordnar rundt og kosar meg. Ute regner det, idag rakk eg ein time i hagen før regnet styrta ned. Så no er det strikking, lunsj med kaffe og stearinlys, og lydbok- lykke!
I løpet av veka har det blitt, løpetur i regnet, frokost på senga, lang frokost med tente lys, handling av materiale til trapp, løping i regnet, perling og plastalina, og kino! Med Stavåsgjengen, og middag på Milano:-D ja, det regner, men vi har det bra! Idag er det bursdag og vennemiddag:-D