02.11.2012

Fredag<3

Fyr i peisen, gutta leiker, kaffe i koppen, nytt strikk på pinnane og ei heil helg foran oss! Med barnebursdag til bestekompis, barselbesøk og barnas dag, o lykke <3






21.10.2012

Roleg gjer det sjøl helg!

Den helga her har bore preg av, gjer det sjøl... Treåringen skal gjer ALT sjøl(nei!!! Jei skulle tappe ned!!), femåringen vil helst ikkje gjer noko sjøl(eks, kan ikkje du berre rydde da?), mor får ikkje LOV å gjer noko sjøl (eks, ska du på do mamma?! Jei blir m å sitt bare her...), husbond, når han kom heim frå jakt, MÅTTE gjer alt sjøl (eks rake opp xantall sekker med lauv og rydde alle hagemøblane), og jammen, vi endte med å lage all maten sjøl- frå bunnen av!!!
Økta på kjøkkenet idag, med rettebunken like i nærleiken, endte med eit stk brød, peanøttsmør og bringebærsyltetøy, brødskiver med egg i midten, verdas beste squashlasagne, mørke sjokoladekjeks ooog i kjøleskapet står morgodagens middag, leirgryte med kylling og grønnsaker...

Fine helga, og ps, vaska nesten tomt for skitne kle og;-)









19.10.2012

Deilig fredag:-D

Idag kjente vi veldig på helgepuls!! Ein heil månad sidan vi hadde frihelg, så det her skal nytast! Husbond er på elgjakt, dei har vist fått ned ein allereie!
Og eg og gutta har heile helga planlagd  med koseaktivitetar:-D først ut i morgo, etter den bestilte havregrauten og barnetv er turn og treff med Byggmester Bob!!
Og no er huset reint og helgeklart og sofaen og strikketøy inna rekkevidde:-D

Gooood helg!








14.10.2012

Siste dagen i haustferien!

Vi har hatt flotte dagar i Vinje og Vikedal, men jammen er det godt å komme heim og:-D Turen heim gjekk fint, lilleE såg Emil sikker 4 gangar, og storebror leika førstemann å sjå med oss i framsetet;-) Dessuten kan vi Ludde utanat alle fire! Berre spør oss om den katalonske kjempegauken;-) Maten tok vi på Marche, der er det alltid fantastiskmat! Vart ikkje lange stoppen, alle ville heim!

Siste laurdagen i Vinje brukte vi godt for å rekke over alt.

Vi var på loppis med kafé med syskenbarn og Øyfjellbestis, og det vart nokre bra funn! Alt til den nette pris av 97 kroner! Prøvde meg på auksjon og, men det gjekk litt fort;-) Det var forresten snø der og, det var stas det!!!!

Etter besøksrundane var det pizza til ti hos Besta, og då var det to utslitte gutar som kosa seg med barnetv!

Fine fyrar<3





11.10.2012

Sol i Vikedal!

Ein flott dag i sola her i Vikedal, lang tur med kafferast på stranda og full fart på sparkesyklane. Det er oppskrift på ein fin feriedagB-) på formiddagen var vi i Ølen, eg besøkte oldebestemor og gutta og besta var på leikebutikken og kafé. Dei har fått penger av onkelV og dei brann litt i lomma;-) Vart lego på femåringen og ei gravemaskin på lillebror. Er sanneleg ikkje lett å velje når du skal betale sjøl:-D
Avslutta dagen med taco til middag, og lego og speling til slutt!






10.10.2012

Ein særs effektiv dag!

Dagen igår vart ein innhaldsrik dag. Etter ein laaang tur i sola i skogen fekk eg gjort mykje. Med svigermor som handtlanger baka eg knekkebrød, muffins og rundstk, og padampampa (trommehvirvel) eg fekk sydd kjolen min!! Den vart fiiiin:-D og god, og varm og med litt meir dekor heimafrå, perfekt!!!



Oldebestemor<3

Endeleg klaffa alt så vi fekk til ein tur over fjellet. Kombinasjonen effektiv jakt (5 elg på ei helg) og sol og godt føre over Haukelifjell var tydeleg bra. Så no har vi vore på overraskande besøk med gåve og popssjokolade:-D vi blir her i vakre V heilt til fredag så det blir eit par turar til. StoreM sperra opp augene når han såg ho, trudde ikkje det gjekk an å bli så gamal eg, mamma:-D Men dama er 97 år og heilt klar, og høyrer det ho vil, fine oldebestemor <3