24.02.2012

Flotte Budor!


Heile familien begynn å bli ordentleg glad i Budor. I vinter har vi vore der berre ein gong, men gutta snakkar mykje om det, og vil gjerne dit når vi skal på utflukt. Vi skulle dit idag, men LilleE har blitt sjuk.. Spysjuka og det har vi ikkje hatt her på gutta før, stakkars liten! Alle vi tre andre offer oss og ser medlidande på han kvar gang bøtta må fram.. 5 ganga før tolv kan ta på alle og einkvar. Så idag er det rolige inneaktivitetar på mamman og lillebror. Ikkje for det, pappa og StoreM gjekk akkurat ut på skitur etter å ha bygd enda ein legobil. Han kosar seg verkeleg, storebror altså - han blir legogutt!!








Posted by Picasa

Ingen kommentarer: