24.02.2012

Ei flott helg!! Vårsol i hagen og lekeverden!

 I tre dagar har vi hatt Bestabesøk og laursdagen var grå, men vi måtte ut! Ein liten tur på skula for å sjekke ut bakken der. Det var første gongen iår, isen på Sagis har ikkje vore trygg før, men det var kjempekjekt! LilleE stod på ski, men var litt sliten så han trengte litt ekstra skiheisprivilegier :) Men storebror hoppa med kjelken på kulane så han datt av! Og Besta var imponert over skiferdighetane til LilleE! Sidan Besta og StoreM hadde laga vaflar mens vi var på turn hadde vi berre med kokosboller den gongen her. Men neste gong trur eg vi tek med både vaffelrøra og ved, for der var det ein kjempeflott bålrigg, med gapahuk med benkar og bord!






Søndagen var det fastelaven, vi bakte bollar med sjokolade (for det er bedre enn krem!) og leika med dyr i pysjen. Men når sola varma gradstokken til 13 grader PLUSS var det berre å kle seg og ta med bollar og kakao ut i hagen! Deilige vår - velkommen, men vi vil ha snø litt til:)


















Når det skya på, ca ti over halv ett var det berre å hive seg inn og få på tørre kle. For vi var på leikeland på Hamar saman med bestevennJ - det var kjekt! Dei ser avslappa ut her, men vi var der i fire timar og vi måtte tvinge dei til å sitte stille. Dei åt ikkje opp isen eingong! LilleE har blitt stor og klarte alt sjøl! Så mammaene fekk skravla skikkelig - og drikke kaffe, og strikke tomt for garn!! Moralen er: mat i bilen på veg dit, når dei allikavel må sitte stille, og nok garn :)












Posted by Picasa

Ingen kommentarer: