
Den helga her har vi hatt kjempetrivelig besøk av Mimmi og Beppe, det var stas! Mimmi kom allereie torsdag på fly, og var med på bibliotek og kafe, og vi fekk parkeringsbot... Jaja, noko skal dei vel leve av der og;) Heldigvis at Mimmi kom tidlegare for fredag var mini pjusk att og kunne kose seg heime med all merksemda aleine! Store M hadde ikkje tid til å vere heime, fredag betyr turdag i barnehagen! Med termos og ekstra godt i matboksen! Beppe kom køyrande fredag, favorittbilen til gutta om dagen - sjølvklart!! Pappa gjekk Birken den helga her - gjett om vi var stolte av han!! Vel gjennomført, med bedre tid enn fjor!
Laurdagen vart fikse og ordne dag for oss som var att heime. Beppe hadde ein travel dag, han køyrde to birkebeinarar til start på Rena, han var igang allereie klokka åtte! Han måtte ut og handle laurdagsgodt og fikse både kaffemaskina og lysrøret på badet - snakk om effektivitet!! Mimmi ordna deilig middag, akkurat i tide til at husbond kom heim og barnas supershow starta!

som vanleg (...) hadde dei med noko til gutta, denne gongen var det sparkesyklar!! O glede!! Og med bar asfalt foran huset har det blitt sparka heile helga! Vi har også tatt ut syklane, og sjekka at bekken har kome fram att frå under snøen.
Så no er den her - den herlege tida, med mange utedagar!! Vi har fått ein god smak av det idag. Vaffeljernet har fått lufta seg!! Deilig lukt i hagen;) Verandaen er måka, klar for fotballspeling fram til hagen tørka. Epletrea er blitt beskorne, og dammar har blitt inspisert!
VI ER KLARE FOR DEN SOSIALE TIDA, UT I VEGEN MED KAFFEKOPPEN OG SLÅ AV EIN PRAT MED NABOEN. FINNE FRAM GRILLEN OG INVITERE VENNA PÅ MIDDAG, ELLER SVELER PÅ TAKKA MIDT I HAGEN. NYE HAGEPROSJEKT. LANGE SYKKELTURAR. UT ATT ETTER MIDDAG, OG GLØYME BARNETV FORDI DET ER SÅ GODT UTE, OG "ALLE" ANDRE ER UTE. TA MED STRIKKETØYET UT I SOLVEGGEN, FÅ STRIKKA TRE RUNDAR FØR GUTTA IKKJE ER HEILT SAMSTEMTE LENGER, MEN STRIKKETØYET HAR MED FRISKLUFTLUKTA INN ATT!! VI HADDE EIN HERLEG SØNDAG - OG GLEDAR OSS TIL RESTEN AV VÅREN!
 |
Kirkekaffe etter kjempekoslig myldremesse i Hernes
|
 |
| Hmmmm.. Legg merke til at lillebror dett akkurat her;) |
1 kommentar:
Hærleg !! :-)
Legg inn en kommentar