13.03.2012

Vårkjensler:-)


På veg til martn i vogna!
I helga kom våren for fullt, berre med eitt tilbakeslag i form av ei kjemperegnskur på laurdagen. Søndag var nydeleg! Då skulle vi endeleg ut av huset sammen alle fire.. Eg har kjent på halsvondt ei stund, men med eksamen, sjuke unga og husbond på jobb kjente eg ikkje ordentleg etter, og godt var det! For no har eg vore utslått i tre dagar, med supersuper vondt i halsen! Særleg om natta når det er tett i alle kanalar, vel idag var eg til legen og fekk konstatert halsbetennelse på begge sider med streptokopper... Var ikkje rart det var vondt! Fekk penicillin, og eg som aldri før har brukt det;-) så no får vi håpe det gjeng over, eg vil nyte våren med gutta mine!!!
Når gradestokken viser 26 grader i sola og eg må sitte inne, då er det bra ein har god bok, te og telys...



Ingen kommentarer: