23.06.2012

Rolig dag i Cala de Mijas!

Idag var alle klare for ingenting;-) tok med oss handkle, solkrem og leiker og tusla dei 50 små metera til fellesbassenget. Berre ein større utgåve av vårt, men med stor tumleplass rundt! Der koste vi oss i fire tima før vi tok på tørre shortsar og gjekk ned til byen. Vi har med oss ei lang handleliste så det blir tungt oppatt.. Greit med litt trim! No leikar gutta så fint på den flotte leikeplassen og eg har fått meg ein kafe con leche i sola! Og vi har elleve deilige dagar att! Me like:-)





22.06.2012

Spania!!


Vi nyyyyyyter Spania:-D

Idag har vi vært i nydelige Marbella, fin by, men det var ein varm dag, 31 grader... Gjekk i gamlebyen og åt deilig mat, paella, pollo y pizza, mat på p, akkurat slik vi likar det! Gutta heldt ut heile dagen, og dei fekk leike i ein park, plaske i fontenar, ete mykje is og vasse i sjøen!

Og akkurat no sitt eg ute i den nye kjolen min, lang men eg diggar han, og det hadde eg ikkje trudd;-) medan sirissane lagar fin fine lydar!





10.06.2012

Middelalderfestival

Idag dura vi i veg mot Hamar og Ankerskogen, fordi lillebror hadde fått bading i premie for han har slutta med flaske. ( flaska sendte han til kaptein Sabeltann og fekk att eit brev, men det er ei anna historie;-)) Uansett, på veg til H fann eg ut at A va stengt fordi det var stevne der. O lykke meinte eg;-) for på Domkirkeodden var det middelalderfestival!! Og for ei oppleving! Det var ingen sure miner for skifte av mål for her var det ridderar, prinsesser, god mat, gjøglerar, underhaldning og ikkje minst eit slag! Alt bada i sol og med menneske i ekte utstyr, berre sjå på bilda!











09.06.2012

Laurdagsmodus!

Idag var det ein roleg laurdag:-D Storebror var invitert i bursdag og vi hadde planlagd å fikse og ordne med berre ein på slep! Starta dagen med hårklipp- endeleg, han vart så svett under kapsen;-) og etter avlevering for vi på bileksplosjon på Grindalsmoen. Der vart der pølse, is og brus, konsert med fantastiske Bullet proof, det svingte! Og jammen, jada, det vart ny bil!!!! Ein fin touran med god plass! Flotte bilen! Så no blir det ny bil, med hengerfeste og nye bilstola til gutta!

Tilslutt spanderte lilleE ein helikoptertur på storebror, gode venna då.

No er det kveld i heimen, vi har rota litt i hagen idag og, kanskje det bør komme ein bildeserie i morgo?!? Men no er det strikk og em!



07.06.2012

litt usikker på korleis det her fungerar... prøver å melde meg på!

Fotball EM og TdF 2012: REGLER: REGLER Man melder seg på (er åpent frem til EM begynner) Innen fristen (følg med når EM nærmer seg) må  : Dere blogge prosjekt(er) som sk...

Lun bris babyteppe

Disse 6 nøsta skal i løpet av fotballem og spaniaturen bli eit lunbrisbabyteppe!! Greit å ha noko å drive med når ein skal joine husbond i kamp etter kamp;-) han er med på tv2 sin emkonkurranse og derfor må eg vere med på strikkekonkurranse:-D for ein flott sommer!!!
Mønsteret til teppet ligg her.