17.04.2012

Besøk av fantetante

Is på Nilsen!

Tidleg morgonstund, lillebror lærer av storebror.


På laurdag fekk vi besøk av fantetante heilt frå Kongsvinger, det var fryktelig stas og store og små koooooste seg i det fine veret.

TAKK FOR BESØKET - HÅPAR DU KJEM ATT FORT!!

Utelunsj på verandaen - med aprikossyltetøy:)
Deilig med eit bad etter ein lang dag ute!



Laurdagsgodteri!!

09.04.2012

LEIKELAND1!!!









GUTTA KOSAR SEG - MOR FEKK SEG EITPAR TURAR MEN DET VART MEST STRIKKING OG OPPGÅVESKRIVING!

OG ALLE VAR EINIGE OM AT DET HADDE VORE EIN FIN TUR;)

PÅSKEFERIEN VÅR!


 Første helga i påska vart vi inviterte til Vinjeveien til Å&T, og som vi koste oss!!

Det var ein ordentleg hytteferie med turar ute, på beina fordi det ikkje var så mykje snø att, og helst i trea - det var kjekkast for både store og små;)

Når vi kom opp laurdagen, ei natt første gongen slik at vi får komme att;), hadde dei ordna med påskeeggjakt for gutta. Skal seie det slo an! Dei hadde lagt ut tre egg, med godteri i alle tre! Stolte gutar som fann dei!

På ettermiddagen spelte vi spel, dinosaurlotto og hundespelet, gutta var i fullt fokus - og ja, dei vil gjerne på hytte att!!!









Resten av påska, frå tirsdagen var vi i Vinje med svigermor. Og både bygda og huset var pynta til påske etter alle kunstens reglar. Artig i Vinje, for dei heng opp store påskekyllingar av finer rundtomkring overalt. Tok ikkje bilde av dei desverre... Men dei skapar stemning! På veg til V stoppa vi berre ein gong, det var på Ikea! Kjekt, og ikkje min ide eingong. Vi kjøpte ikkje mykje, var ikkje plass til det - var vel det husbond visste.. Men vi kjøpte pcputer som gutta kan ha bak i bilen mens vi køyrer - og det var smart! Då fekk dei tegna, lest blad og bygd lego - det siste var egentleg ikkje så smart...             Vi hadde flotte dagar i Vinje, var ute i skogen kvar dag, det var ikkje snø her heller, men det var litt kald vind og med ein halvsjuk toåring vart det mykje inneleik og. Men det kom MYKJE besøk, favorittA var der kvar dag til frukost, gutta satt i vinduet med kikkert til ho kom! Vi e glad i deg - A!! Og storejentene var der og leika, bygde, las, kosa og herja - flotte dagar! Dei to yngste var og innom og Øyfjellsguten er det alltid stas å leike med!


Vi kom att fra ferien igår, det er godt med ein dag heime. Men idag snødde det!! Då hadde vi ikkje mykje lyst ut... På neste blogginnlegg kan du sjå kor vi havna!


18.03.2012

Då erklærer eg herved våren for opna!!




Den helga her har vi hatt kjempetrivelig besøk av Mimmi og Beppe, det var stas! Mimmi kom allereie torsdag på fly, og var med på bibliotek og kafe, og vi fekk parkeringsbot... Jaja, noko skal dei vel leve av der og;) Heldigvis at Mimmi kom tidlegare for fredag var mini pjusk att og kunne kose seg heime med all merksemda aleine! Store M hadde ikkje tid til å vere heime, fredag betyr turdag i barnehagen! Med termos og ekstra godt i matboksen! Beppe kom køyrande fredag, favorittbilen til gutta om dagen - sjølvklart!! Pappa gjekk Birken den helga her - gjett om vi var stolte av han!! Vel gjennomført, med bedre tid enn fjor! 
Laurdagen vart fikse og ordne dag for oss som var att heime. Beppe hadde ein travel dag, han køyrde to birkebeinarar til start på Rena, han var igang allereie klokka åtte! Han måtte ut og handle laurdagsgodt og fikse både kaffemaskina og lysrøret på badet - snakk om effektivitet!! Mimmi ordna deilig middag, akkurat i tide til at husbond kom heim og barnas supershow starta!





som vanleg (...) hadde dei med noko til gutta, denne gongen var det sparkesyklar!! O glede!! Og med bar asfalt foran huset har det blitt sparka heile helga! Vi har også tatt ut syklane, og sjekka at bekken har kome fram att frå under snøen.
Så no er den her - den herlege tida, med mange utedagar!! Vi har fått ein god smak av det idag. Vaffeljernet har fått lufta seg!! Deilig lukt i hagen;) Verandaen er måka, klar for fotballspeling fram til hagen tørka. Epletrea er blitt beskorne, og dammar har blitt inspisert!

VI ER KLARE FOR DEN SOSIALE TIDA, UT I VEGEN MED KAFFEKOPPEN OG SLÅ AV EIN PRAT MED NABOEN. FINNE FRAM GRILLEN OG INVITERE VENNA PÅ MIDDAG, ELLER SVELER PÅ TAKKA MIDT I HAGEN. NYE HAGEPROSJEKT. LANGE SYKKELTURAR. UT ATT ETTER MIDDAG, OG GLØYME BARNETV FORDI DET ER SÅ GODT UTE, OG "ALLE" ANDRE ER UTE. TA MED STRIKKETØYET UT I SOLVEGGEN, FÅ STRIKKA TRE RUNDAR FØR GUTTA IKKJE ER HEILT SAMSTEMTE LENGER, MEN STRIKKETØYET HAR MED FRISKLUFTLUKTA INN ATT!! VI HADDE EIN HERLEG SØNDAG - OG GLEDAR OSS TIL RESTEN AV VÅREN!
Kirkekaffe etter kjempekoslig myldremesse i Hernes




Hmmmm.. Legg merke til at lillebror dett akkurat her;)






13.03.2012

Vårkjensler:-)


På veg til martn i vogna!
I helga kom våren for fullt, berre med eitt tilbakeslag i form av ei kjemperegnskur på laurdagen. Søndag var nydeleg! Då skulle vi endeleg ut av huset sammen alle fire.. Eg har kjent på halsvondt ei stund, men med eksamen, sjuke unga og husbond på jobb kjente eg ikkje ordentleg etter, og godt var det! For no har eg vore utslått i tre dagar, med supersuper vondt i halsen! Særleg om natta når det er tett i alle kanalar, vel idag var eg til legen og fekk konstatert halsbetennelse på begge sider med streptokopper... Var ikkje rart det var vondt! Fekk penicillin, og eg som aldri før har brukt det;-) så no får vi håpe det gjeng over, eg vil nyte våren med gutta mine!!!
Når gradestokken viser 26 grader i sola og eg må sitte inne, då er det bra ein har god bok, te og telys...



08.03.2012

Liv i byen:-D

Så var det martnstid att! Var innom ein svipp idag når eg henta dei nye skia mine, dei er såååå fine;-) gleda meg til å teste dei! No er eksamen vel overstått og, det gjekk bra, kunne godt bedre.. Men slik vart det, med sjuke unga og mann på jobb. Eg er ferdig med den og har lært kjempemasse!!
Så, no er det altså martnstid:-D gutta fekk seg nye boblejakker, store no, for dei skal passe til neste år! StoreM fekk ei vårjakke og, han veks no som ugras!
Husbond jobbar på martn, med gamle dagar preg og vi var der ein tur idag etter barnehagen. Veldig kosli, gutta kasta på blikkboksa og vant kvar si ku, koseku! Vi gjekk ein runde i storgata og alt var som vanleg. Eller nei, kjøpte smultringar, som vanleg, og det var tidenes beste!!
I morgo skal eg på rovdyrsporing, håpar på flott ver og har pakka pinnebrøddeig i sekken!
Når lilleE såg det bildet her sa han: M og E er snuppelupper;) SØTNOS!